![politi[1]_350x234](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1293611.1537.avstbawpec/690x0/4826612_1293611.jpg)
Tre innbrot på skuleområdet på Øye
Både Øye skule, vaktmeisterbua og Surnadal Idrettshall vart i helga utsett for innbrot og hærverk. Det er mellom anna blitt stole fleire PC-ar, verkty og delar av eit lydanlegg.

Politiet meiner innbrota kan ha skjedd samstundes, natt til måndag, melder driva.no.
Innbrotstjuvane har stole ei rekkje elev- og lærar-PC-ar fra Øye skule, verkty frå vaktmeisterbua og delar av lydanlegget og PC-ar fra idrettshallen.
- Innbrotet på skulen kan ha skjedd frå fredag ettermiddag til måndag morgon, men innbrotet i bua og hallen har troleg skjedd etter klokka 12.00 søndag og fram mot måndag morgon. Difor kan det være rimeleg å anta at alle tre innbrota kan ha skjedd samstundes, seier lensmann Olav Halse.

.png)

