Tre kister_300x203

Tre kister i gave til museet

I strålande vårsol kom nyleg tre gamle kister heim att til Rindal etter mange år i ”utlendighet.” Det er samlar og antikvitetsekspert Jon Suul som har hatt desse kistene i sitt eige, men som no vil kvitte seg med ein del av lageret sitt. Ein anonym gjevar har kjøpt kistene og gjeve dei i gave til Rindal bygdemuseum. Med på handelen var også ei svært forseggjort treeske fra 1765.

Dei tre kistene, som i sommar blir å sjå på Rindal bygdemuseum, viser tre ulike epokar i kistemåling som alle er typiske for Rindal og dalføret rundt.

Den svarte kista

Dette er den eldste av kistene, fra 1808. Ho er tydelig måla av  Mikkel Larson Grytbakk  (1766-1820) frå Utigard Grytbakk. Spesielt for han er den svarte botnfargen, dekor i raudt og blått og ein kjenner att måten ”anno” er skriven på. Denne kista har ikkje namn, berre  monogram. Ein veit difor ikkje kven som har vore første eigar av denne kista, som Suul i si tid kjøpte av ein tater. Det er mange kister frå sist på 1700- og først på 1800-talet etter Mikkel Grytbakk i Rindal.

 

 

 

 

 

Den grøne kista

Dette var  den første kista Jon Suul kjøpte til samlinga si og som vart kjøpt frå ein annonse. På kista står namnet Ildrid Andersdatter Haugen Aar 1831. I Gards- og ættesoge for Rindal finn vi henne, fødd i 1821, under Austistu Haugen. Ho var gift med Ola Pederson Grytbakk, fødd Tørset, frå Austigard Storløkken. Dei bygsla Grytbakkholten og hadde 7 barn.

I Gards- og ættesoga  kan ein elles lese: ”Ein kan ikkje sjå i kyrkjebøkene at Ola og kona har vore gravlagde her i bygda, og heller ikkje at fleire av borna har vore gifte her. Dei må ha reist ut av bygda, visstnok til Amerika.”-  Det kan vere grunnen til at kista kom på handel.

Dette er ei typisk Solemskiste, måla av Lars Halvorson Solem, f. 1799, frå Solemshaugen i Surnadal. Både han og sonen Lars Larson (1929-1912) var flinke målarar og har eit stort antal kister etter seg i distriktet.

 

 

Den blå kista

er den yngste av kistene, frå1847. Namnet på kista er Ingebor Jonsdatter Sæter. Ho var frå Stomprød og vart gift med Brynjulf Ingebrigtsen Lilleløkken på Skogen. Ifølgje Gards- og ærttesoga hadde dei ei dotter. Meir står det ikkje om denne familien. Truleg hadde dotra ingen etterkomarar, og kista har kome på auksjon. Rosemålinga på denne kista er noko meir ”amatørmessig” utført, men er tydeleg inspirert av Solemsmålarane. Kanskje har ein romundstadbygg vore i Surnadal og lært seg målarkunsten av Solemshaugkarane? Ole Larsen Stomprød frå Stomprødholtet, f. 1823, var målar. Kanskje er dette ei av dei første kistene han måla?

 

 

 

Fine sveipa treesker

Museet har frå før tre gamle, svært vakkert utskorne sveipa treesker frå 1700-talet, i ulike storleikar. Les om sveiping. Suul har før studert desse eskene og meiner dei er svært spesielle for Rindal. Eskene har særs fin, detaljert og rikt utskoren dekor som kan likne litt på karveskurd, men som etter det Suul seier ikkje finst maken til andre stader. Det er tydeleg at det her har vore ein handverkar som har ikkje berre har vore svært dyktig i sitt fag men som òg har utvikla sitt eige mønster og ”design”.

No hadde Suul med seg enda ei slik eske, som han i si tid  kjøpte av ein oppkjøpar, større enn den museet har før, og i tillegg noen enkeltdelar som har vore til slike esker. Etter nærare undersøking synte det seg at på både denne eska og dei museet har frå før, finn ein bokstavane ”FMS”, og  årstala er 1760, 1765 og 1766. Med andre ord, alle er laga av same mann. Men kven var denne  ”FMS” ? Fredrik Mikkelson??

 

Tørkleesker


Slike esker eller øskjer vart gjerne kalla tørkle-esker, og vart bruka til å oppbevare silketørkle, silkeforkle og andre fine ting i. Den som hadde lang kyrkjeveg, hadde kanskje eska med i sluffa eller karjolen, og tok på seg det siste av finstasen først når ein var framkomen til kyrkja.

Fint arbeid og fine detaljar

Jon Suul har tidlegare besøkt museet i Rindal. Det kan du lese om her. Han er ein kapasitet når det gjeld norsk  handverk. Han er direktør i Norsk kulturminnefond, som held til på Røros, og har tidlegare jobba hos Riksantikvaren og har også vore sjefsarkitekt i Direktoratet for naturforvaltning.

 

Museet vil rette ein stor takk til gjevaren, som ønskjer å vere anonym, for denne storveges gaven!


”Museumsdamene” er på plass for å ta i mot gaven: Ann Elin Hess Brønstad, Ragnhild Stavne Bolme, Gudrun Langli, Gurli Landsem og Anne Skjølsvold

Jon Suul, Gurli Landsem og Morten Møller i ivrig samtale på museumstunet

Ildrie Andersdatter Haugen

Monogram

Jon Suul var glad for Rindalsvottane han fekk i gave.