Tre lokale gasellebedrifter
Torsdag vart tre lokale bedrifter kåra til Gasellebedrifter 2019. Gasellene er dei bedriftene i Norge som veks raskast og er mest vellykka. Ei gaselle må ha minst dobla omsetninga på fire år, og tene pengar.
Bildet over er frå eit prosjekt Midt-Norge Autolakk hadde i lag med studentar på NTNU - les om det her!
I Rindal var det Midt-Norge Autolakk AS og Rindal Rørservice AS, og i Surnadal Takstmann Nils Håvar Øyås AS, som vart gaseller i 2019.
Midt-Norge Autolakk AS har hatt ein vekst på 144,46 prosent og har no 4,55 millionar kroner i omsetning.
Dagleg leiar Lars Ole Heggem takkar lokalt næringsliv, og særleg A. Kvam, Rognskog Bil og T. Sylte Bil, for godt samarbeid. Elles har lakkimporten gjeve godt salg til lokale forhandlarar rundt om i landet.
Rindal Rørservice er gasellebedrift andre året på rad! I 2018 fekk dei også motivasjonsprisen til Rindal Sparebank. På bildet ser vi F.v: Banksjef i Rindal Sparebank Magne Bjørnstad, Svein Løset, Ronny Løset og Knut Nergård fra Rindal Rørservice AS.
Rindal Rørservice AS har 125,67 prosent vekst og omset for 15,46 millionar kroner.
Rindal har med dette 9,86 gasellebedrifter per 10 000 innbyggarar.
I Surnadal er det Takstmann Nils Håvar Øyås AS som er gasellebedrifta i år med 160,17 prosent vekst og ei omsetning på 3,42 millionar kroner.
Surnadal har med det 1,69 gasellebedrifter per 10 000 innbyggarar.
Kriterier for gasellebedrifter er:
-
Levert godkjente regnskap
-
Minst dobla omsetninga over fire år
-
Omsetning på over ein million kroner første året
-
Positivt samla driftsresultat
-
Unngått negativ vekst
-
Vore aksjeselskap