G13-1 foto Mari Vattøy

Tre lokale lag skal i Norway Cup-aksjon torsdag

Onsdag i Norway Cup-veka er alltid ein skjebnedag, der dei aller fleste lag må gjennom både ein og to sluttspelkampar for å få spele igjen på torsdag. Av dei lokale laga i klassar med sluttspel heng både Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sitt J13/14 7er og Surnadal J16 11er med i B-sluttspelet, medan Surnadal J15 skal spele i A-sluttspelet torsdag. Her ser du alle resultata frå kampane onsdag.

Sluttspela i Norway Cup byr alltid på spenning, og 2019-utgåva av turneringa vert nok ikkje noko unntak.

Status for dei lokale laga etter gruppespelet er at Surnadal J15 kom til A-sluttspelet, medan resten skal ut i B-sluttspel. Bøfjord spelar i G12-klassa, der det kun vert arrangert gruppespel.

Først ut onsdag var Surnadal sine to G13-lag. Lag 1 møtte Åmdal-Tokke, og hadde full kontroll på avansementet til 1/8-finalen i B-sluttspelet. Mål av Em Holten og Arthur Rossvoll Bøe sende surnadalingane opp i leiinga, før Åmdal-Tokke reduserte, mot spelets gang.

Dermed stod det 2-1 til Surnadal ved pause, og i andre omgang var det ingen tvil om kven som skulle gå seirande ut av bataljen. Rosvoll Bøe scora sitt andre og tredje mål for dagen til 3-1 og 4-1, før Knut Tore Kvande sette inn Surnadal sitt femte og siste mål.

Dermed var gutane klare for åttandedelsfinale mot Mysen, men der vart det 0-3-tap og cup-exit for denne gong.

Surnadal G13-2 fekk det tøffare i sin 1/16-finale mot Furuset, og Oslo-laget scora ein gong i kvar omgang. Dermed vart det 0-2-tap på surnadalingane, som dermed har spelt ferdig i Norway Cup for denne gong. 

Etter at alle kampane onsdag er ferdigspelte, er det to lokale lag som framleis heng med i B-sluttspelet. Det er KUST sitt J13/14 7er-lag, og Surnadal sitt J16-lag, som begge skal spele kvartfinale i B-sluttspelet torsdag. 

Surnadal J15 er, som einaste lokale lag, klare for A-sluttspel. Der møter dei Djerv 1919 torsdag klokka 11.30.
 

Alle lokale kampar onsdag:

08.00: Surnadal 2-Furuset 0-2 (G13/14 - 1/16-finale i B-sluttspelet)

08.00: Surnadal 1-Åmdal-Tokke 5-1 (G13/14 - 1/16-finale i B-sluttspelet)

09.00: Nesbyen-Surnadal/Søya/Todalen 2-4 (G16 - 1/32-finale i B-sluttspelet)

09.00: Bøfjord-Vålerenga Blå 5-1 (G12)

11.00: Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen-Stridsklev 5-2 (J13/14 - 1/16-finale i B-sluttspelet)

14.45: Oppsal-Surnadal/Søya/Todalen 5-0 (G15 - 1/16-finale i B-sluttspelet)

16.15: Surnadal 1-Mysen 0-3 (G13/14 - 1/8-finale i B-sluttspelet)

16.15: Dombås/Lesja-Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen 1-5 (J13/14- 1/8-finale i B-sluttspelet)

19.00: Surnadal/Søya/Todalen-Gjerpen Allianse 0-1 (G16 - 1/16-finale i A-sluttspelet)

20.15: Surnadal-Brattvåg 3-0 (J16 - 1/8-finale i B-sluttspelet)


Det betyr at tre lokale jentelag skal i aksjon torsdag:

10.00: Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen-Gjerdsvika (J13/14 7er - 1/4-finale i B-sluttspelet)
11.30: Djerv 1919-Surnadal (J15 11er - 1/16-finale i A-sluttspelet)
12.45: Surnadal-HIF/Stein 2 (J16 11er - 1/4-finale i B-sluttspelet)

Bøfjord G12 har spelefri torsdag.