
Tre på tur
Fredag var det godt gammaldags påskever og påskeføre! Litt dårleg gli, men perfekt med smørefri eller litt universalklister som feste. Det anbefalte turterrenget er Tørsetmarka og Skåkleiva!

Føret var lett. Det er oppkjørt løype med tråkkemaskin til Bjørnåssetra og Finnråa.
Føret utafor løypa var overraskande bra! Berre i dei skarpaste solbakkane og nær berrflekker var det gjennomslagsføre!
Dermed er det berre å anbefale dokk å ta ein tur hit eller til andre høgareliggande strøk resten av feriedagane.
Med klippoglim vart alle tre med på bildet!
Tekst/foto: OleT
Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!

.png)





