Treng arbeidsplassar til Operasjon Dagsverk

Torsdag 30. oktober vil elevane på Surnadal vidaregåande skole arbeide for elevane sin internasjonale solidaritetsaksjon, Operasjon Dagsverk. I samband med dette frir skolekomiteen til lokalt næringsliv - Støtt ei god sak og gi elevane arbeid, er oppfordringa frå Audun Moen Skei og Malin Østvold.

Operasjon Dagsverk er ein frivillig organisasjon som kvart år engasjerer skoleelevar til å gi ein dag av utdanninga si til ungdom i Sør.

Skolen håpar at arbeidsplassar ser positivt på aksjonen, og at de kan støtte opp ved å gi ungdom som spør om det, arbeid.

Dersom ingen har spurt dykk om arbeid, men de likevel vil støtte aksjonen, ta kontakt med elevrådsleiar Audun Moen Skei på telefon 468 12 377 eller e-post: a.moen.skei@gmail.com

- Det er mange elevar som har bedt skolekomiteen om hjelp til å skaffe arbeidsplass, så eg håpar at bedriftene vil hjelpe oss, seier elevrådsleiar Moen Skei.

Litt om årets prosjekt:

Jenter i Malawi og Etiopia bestemmer ikkje over eigne liv. Det tykkjer vi er urettferdig. Utdanning, eigne inntekter og kunnskap om rettar gir moglegheiter til å ta eigne val. Slik kan ungdom skape eit betre og meir rettferdig samfunn.

Saman med Utviklingsfondet skal OD 2014 jobbe for at 34 000 ungdommar skal få den kunnskapen dei treng for å skape det livet dei ønskjer og fortener. Les meir på www.od.no

Minstepris for eit dagsverk er kr 400,-

Skolekomiteen består av elevane i elevrådsstyret. Her representert ved Audun Moen Skei og Malin Østvold.

audon moen skei malin østvold OD.jpg