od 2015

Treng arbeidsplassar til Operasjon Dagsverk

Torsdag 29. oktober vil elevane på Surnadal vidaregåande skole arbeide for elevane sin internasjonale solidaritetsaksjon, Operasjon Dagsverk. I samband med dette frir skolekomiteen til lokalt næringsliv - Støtt ei god sak og gi elevane arbeid, er oppfordringa frå elevrådsleiar Lilly Viktoria Mo Sandberg.

Operasjon Dagsverk er ein frivillig organisasjon som kvart år engasjerer skoleelevar til å gi ein dag av utdanninga si til ungdom i Sør.

Skolen håpar at arbeidsplassar ser positivt på aksjonen, og at dei kan støtte opp ved å gi ungdom som spør om det, arbeid.

Dersom ingen har spurt dykk om arbeid, men de likevel vil støtte aksjonen, ta kontakt med elevrådsleiar Lilly Viktoria Mo Sandberg på telefon 917 92 329.

- Det er mange elevar som har bedt skolekomiteen om hjelp til å skaffe arbeidsplass, så eg håpar at bedriftene vil hjelpe oss, seier elevrådsleiaren. 

Litt om årets prosjekt:

Elevar ved norske skoler har valt at årets OD-prosjekt skal gå til Amnesty International Norges arbeid for seksuelle og reproduktive menneskerettar i Chile, Peru og Argentina. Alle har rett til å bestemme over sin eigen kropp. I Chile, Peru og Argentina opplever ungdom at deres seksuelle og reproduktive rettar ikkje blir respektert. Dei får ikkje nødvendig opplæring, prevensjon eller helsetenester. Prosjektet vil gi ungdom kunnskap om sine rettar, slik at dei blir betre i stand til å ta gode val og kan bidra til å fremme andres rettar.  

Les meir på www.od.no

Minstepris for eit dagsverk er kr 400,-

Torsdag 22. oktober hadde skulen besøk av representantar frå Operasjon Dagsverk som presenterte innhaldet i årets prosjekt for elevane. På bildet saman med elevrådsleiar Lilly Viktoria Mo Sandberg. 

Foto: Mari Fiske, Surnadal vgs