
Treng du hjelp med bygdebokskjemaet?
Tykkjer du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet du har fått tilsendt i samband med innsamling av informasjon til nye bygdebøker for Surnadal? Det er hjelp å få!
Bygdebokkontoret tilbyr no hjelp med utfylling av spørjeskjema til ein del bebuarar på Skei som ikkje vil få besøk av grendekontakt. Dette gjeld følgjande personar og datoar:
Tysdag 22. januar kl 10-14 vil dei tilsette på Bygdebokkontoret besøkje Bårdshaugvegen 25A-K (Gammelsjukeheimen) for å samle inn spørjeskjema som er utsendt gjennom bygdebokprosjektet og hjelpe dei som ønskjer det med utfyllinga. Det vil bli gått frå dør til dør, og det vil sjølvsagt bli muleg å stille spørsmål for den som lurar på noko i samband med bygdebokprosjektet.
Tysdag 22. januar kl. 18-20 vil tilsette ved Bygdebokkontoret vera tilgjengelege for spørsmål og hjelp til å fylle ut spørjeskjema for brukarane av habiliteringstenesta i Surnadal kommune. Oppmøtestad: Møterommet ved kantina på Surnadal sjukeheim.
Måndag 28. januar kl. 10-15 er det bebuarane i Bårdshaugvegen 2-18 d og Bårdshaugvegen 20a-d som kan få hjelp. Representantar frå bygdebokprosjektet vil da bli å treffe på møterommet ved kantina på Surnadal sjukeheim.
Det skriv Surnadal kommune på si heimeside