IMGP6390

Trident Juncture 18 i området vårt

Trident Juncture 18 er ei NATO-leda øving, og den blir den største militærøvinga som har vore i Norge sidan 1986, og truleg har det aldri vore så mange deltakarar, rundt 35 – 40 000 frå rundt 30 nasjonar pluss observatørar frå enda fleire, kunne områdesersjant Henrik Blekken fortelle på Hestekreftenes Dag i Rindal søndag.

Bildet over: Områdesersjant Blekken vart intervjua av Petter Baalsrud.

IMGP6391.JPG
Områdesersjant Henrik Blekken og løytnant Åse Børset møtte folket på Hestekreftenes Dag i Rindal

Øvinga startar med transportfase frå 10. september til 24. oktober. Førebuingsfasen og sjølve øvinga er frå 25. oktober til 7. november. Frå 8. november til 7. desember blir det ny transportfase, retur. Dette kjem til å merkast godt i heile området vårt og store deler av heile Sør- og Midt-Norge.

NATOs Amfibiestyrke på 5-600 mann og deler av US Marine Corps (USMC) + landstyrke (7-800 mann) vil vere i dette området. Det blir også stridsvogner, helikopter, hjulkjørety og beltekjørety i aksjon her.

USMC held Rindal i første omgang. Så blir det motangrep frå NATOs Amfibiestyrke.

Det blir lagt stor vekt på sivilt-militært samarbeid i øvingsområdet som omfattar 50 kommunar.

Miljøvern og kartlegging av vegar, dyrka og ikkje-dyrkande område foregår i nær dialog med kommunane.

Det er viktig å regulere militær og sivil trafikk på alle hovudaksane i Sør- og Midt-Norge og å ivareta sikkerheita. Ein vil prøve å unngå og belaste tredjepart, men vi kjem til å merke øvinga.

- Det viktigaste med øvinga er å vise at Norge har eit truverdig forsvar og at det er basert på NATO-medlemskap, seier Blekken.

Øvinga vil sette fokus på rolla Norge har i NATO, og den vil demonstrere evnen og viljen NATO har til å forsvare Norge.

Evnen til å ta imot og å flytte betydelege militære styrkar, og evnen til å utføre kompliserte operasjonar under norske forhold er også ein viktig del av øvinga.

Etter det vi forstod vil hovudaktiviten foregå i området rundt Tørsetmarka, der NATO-styrkane møter inntrengarar som er amfibiekjørety som går i land i Hemne.

IMGP6364.JPG