
Trimtur og premieutdeling
Dei yngste deltakarane som var med på turen til Solemssetra den 3. mai. Det var snø det siste stykket opp mot setra, og snø var det også, som ein ser, i lufta. Det la slett ingen dempar på stemninga.... Foto: Norunn Holten
Alle som i 2011-sesongen har gjort seg fortent til anten gullmerke eller krus, eller kanskje til og med begge delar, har måtte vente lenge på premiane sine i år- no endeleg blir det! I samband med trimturen til Solligjerdet på tysdag vil det bli premieutdeling ved Bæverfjord oppvekstsenter. Da skal det delast ut rekordmange krus, heile 31 i talet. Talet på gullmerke er omtrent som dei siste åra. I tillegg til premiar, blir det også enkelt traktement.
Trimgruppa håpar at ekstra mange møter opp på turen til Solligjerdet, anten dei skal ha premiar eller ikkje etterpå. Turen er ein av dei kortaste, faste turane til idrettslaget, og er godt eigna også for dei yngste og nybegynnarar. Om nokon vil tjuvstarte på turen eller kutte ytterlegare ned på lengda, er det muleg å køyre fram til steinbrotet og starte der. Som alle turane til idrettslaget, er dei opne for både medlemmer og alle andre interesserte- alle er like velkomne, helsar trimgruppa.