
Trimtur til Dyrstolen
Søndag 21. august opnar trimgruppa i Bæverfjord i.l. haustsesongen med fellestur til Skjortfjellet og Dyrstolen. Det er felles avgang frå Øygarden klokka 11.00. Turen er såpass lang at alle må ta med seg ein skikkeleg matpakke og godt fottøy. Sidan trimgruppa har ein av dei faste trimpostane sine på Skjortfjellet, vil også turen telje for dei som går for ti turar og trimkrus. Spørsmål kan rettast til Maybrit Hakstad, Sverre Gravvold eller Norunn Holten i trimgruppa.

.png)

