![Skjortfjellet[2012]_1024x683](https://img7.custompublish.com/getfile.php/2026252.1537.vfcrtqrbwf/690x0/5085131_2026252.jpg)
Trimtur til Rønningsetra
Trimgruppa i Bæverfjord i.l. inviterer måndag kveld til fellestur til Rønningsetra. Det vil bli felles avgang frå Hakstad kl. 18.00, og folk kan parkere både ved garasjen nede ved vegen og oppi tunet. Dette er ein relativt kort tur i lett terreng, så den passar for alle, både store og små. Tempoet vil bli tilpassa dei som møter opp, opplyser trimgruppa. Hugs godt fottøy, helst fjellsko eller støvlar!