Triveleg eldretreff i Todalen
Elevar ved helse- og oppvekstlina ved Surnadal vidaregånde skule inviterte måndag pensjonistar til formiddagskaffe i Todalen sanitetshus. Om lag 20 todalingar møtte opp, og dei fekk ei riktig så triveleg stund i lag med dei unge, skriver todalen.no.
Ansvarlege lærarar ved helse- og oppvekstlina er Ingborg Myrvang, Kristin Holten og Kathrine Johansen. Ingeborg fortalde at målet denne perioden er at elevane skal ha ansvar for å arrangere trivselstiltak for eldre og erfare å vere i lag med eldre. Etter å ha arrangert tiltak for eldre i Todalen og tidlegare ved Surnadal sjukeheim skal elevane i neste periode ha praksis og gjennomføre opplegg i skule og barnehage. Det skal munne ut i at dei arrangerer juleverkstad ved ein skule i adventstida. Det er viktig at elevane får møte personar i ulike aldrar og livssituasjonar.