Eriksenkonsert_1024x683

Triveleg formiddagskonsert på Kulturhuset

Grete Storbæk Eriksen og pianist Trond Hustad trekte kring eitt hundre tilhøyrarar til konserten dei heldt i foajeen på Surnadal kulturhus måndag formiddag. På programmet stod i hovudsak tekstar av Einar Skjæråsen og Haldis Moren Vesaas, tonesett av Eriksen sjølv. Det var Folkeakademiet Surnadal som saman med Surnadal Pensjonistlag, Eldrerådet og Surnadal Demensforening og Helselag hadde fått Eriksen til Surnadal. Etter endt konsert var det berre å konstatere at dette samarbeidet var ein suksess.

Fornøgde artistar og arrangørar etter endt konsert: Frå venstre leiar i Folkeakademiet Surnadal, Else Brandvoll Andresen, Grete Storbæk Eriksen, pianist Trond Hustad og Eliska Bøe frå styret i Folkeakademiet. Alle foto: Norunn Holten

Oppmøtet på slike konsertar kan variere mykje, så det gledde nok både artistar og arrangørar at det vart fullt med folk i foajeen på Kulturhuset. Det kan vera mange mulege årsaker til suksessen: Artistane var eit vellykka trekkplaster, tekstforfattarane kjente og kjære forfattarar, det faktum at konserten var gratis, at arrangørane hadde lykkast med kunngjeringa på førehand, eller rett og slett ein kombinasjon av alle desse faktorane. Uansett: Her var det tydeleg at arrangørane hadde skote blink med arrangementet sitt!

Grete Storbæk Eriksen er opprinneleg frå Trysil, men har dei siste 13 åra budd i Trondheim. Ho har fleire plater bak seg, og den siste, "Juninatt" fra 2011, vart laga med Jostein Ansnes som produsent. Han spela også gitar og kora på denne plana, kunne Eriksen fortelja. Dei fleste songane, som ho framførte saman med pianist Trond Hustad, hadde tekst av anten Einar Skjæråsen eller Halldis Moren Vesaas, også dei begge opprinneleg frå Trysil. Grete Storbæk Eriksen las også opp nokre få dikt. Dessutan framførte ho for første gong ein song ho både hadde skrive tekst og laga musikken til. Godnatt-songen "søvva no" er skriven og vart framført på Trysildialekt, og vart godt motteke av publikum. Elles krydra Eriksen konserten med små forteljingar knytta til songane og forfattarane. Til dømes fekk vi høyra om læraren til Einar Skjæråsen som skreiv "Einar- det er stygt å ljuge!" i margen på stilane hans. Heldigvis fekk Skjæråsen ein ny lærar som såg potensialet hans og tok han med til biblioteket der han vart introdusert for "Synnøve Solbakken". Desse små anekdotane forsterka inntrykket av ein personleg og nær konsert om allmennmenneskeleg tema.

Trond Hustad på piano og Grete Storbæk Eriksen song og spela for rundt 100 frammøtte i foajeen. 

Det var fullt av folk på alle kantar rundt scenen i foajeen. Her eit utsnitt frå publikum.