H†vard B‘vre

IL Rindøl tek vare på tradisjonar!

Triveleg tradisjon på Skogsletta

Folkefesten 17.mai samla også i år folk frå alle kantar av bygda, men det var plass til fleire. Programmet var variert, frå trekkspel til animasjonsfilm laga av elevane ved Øvre Rindal skole, og sjølvsagt tale for dagen! Praten ved borda tyda på god stemning og at alle hadde ei triveleg kveldsstund.
Alle som deltok med underhaldning fekk sin velfortente takk frå kveldens konferansier. Vi vil la takken gå tilbake til henne og komitéen som stod bak dette arrangementet! Det er ein lang tradisjon med folkefest 17.mai i Øverbygda, og vi håper den går vidare, - lenge!
Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!
Ivar Syrstad
Meldalsordførar Ivar Syrstad tok seg av talen for dagen
H†vard B‘vre
Håvard Bævre spela trekkspel
Ingeborg Elise Halgunset
Ingeborg Elise Halgunset gjorde lykke med dikta sine
Ada og Lone
Ada Lillegård og Lone Lorgen framførte mellom anna same songen som dei kom til fylkesfinalen av Ungdommens Kulturmønstring med
Trekkspellgruppe
Kvalden vart avslutta med ei konsertavdeling med ei gruppe frå Orkdal Trekkspillklubb