
Triveleg treff på skyttarbanen!
Ikkje fullt så mange som tidlegare år, da nokre var borte og andre heldt seg heime, da det ikkje var spesielt varmt å sitte ute. Både unge og gamle fekk prøve seg. Alt frå oldebarn til oldemødre stilte opp! Lars Lundberg sørga for at alle barna fekk seg pølse med brød, og for god grillmat til dei vaksne. Det er håp om at det etter kvart skal kome nye rekruttar inn i laget, slik at laget ikkje forgubbes. Dei elektroniske skivene er langt meir spennande å skyte på enn dei gamle pappskivene.

Farfar var god å ha i nærleiken når Håkon Marius for første gong prøvde å skyte.

Veteranen Benhard Bøklep valgte å styrke seg på grillmat før han prøvde seg med rifla. (t.v.)

Nestformann i laget, Lars Lundberg sørga for at alle fekk grillmat av beste kvalitet. (t.h.)

Folk kosa seg med grillmat, kaffe og kaker sjølv om nordavinden ikkje var heilt grei og nokre regndråpar kom også.

Håkon Marius var godt fornøgd med resultatet, og med litt meir trening så blir han nok i stand til å slå farfar på skytebanen.
Tekst/foto: Lars Magne Bæverfjord.

.png)

