Trollheimsporten i Asia!
Bente og Knut Iversen Foseide fekk med seg T-skjorte frå Trollheimsporten da dei reiste til Kambodsja som utsendingar for Misjonsalliansen i 2010. Sommaren 2013 fekk dei besøk av foreldra sine, og her poserer Bodil Sæhter Iversen frå Surnadal og Birger Foseide frå Rindal med T-skjorta frå Trollheimsporten. Og dei står no på den plassen som i følgje Lonely Planet er det mest populære turistmålet for folk på planeten vår i dag: Siem Reap nord i Kambodsja.
Her er templet Anchor Watt i bakgrunnen. Her var det ein millionby på den tida desse enorme templa vart bygde på 1100-talet. Det var Kmer-folkets stortid i Sør-aust-Asia. Ungdommar frå heile verda reiser til desse templa i dag, enda dei er berre ruinar.
Bodil og følgjet hennar besøkte også søstera Anna Sæther i frå Surnadal som arbeider på Taiwan. I 1973 reiste Anna ut til Taiwan som misjonær for Misjonssambandet. Den gongen var det enno mange fattige flyktningar i landet. I dag er Taiwan eit rikt land, og står mellom dei fremste i teknologisk kunnskap og utvikling. Likevel står dei gamle buddhistiske religiøse retningane sterkt, og tusenvis av unge studentar og folk i alle aldrar står i kø i dei store templa for å ofre og be og for å brenne røykelse og åndepengar for forfedrane.
På bildet ser vi Anna Sæther i samtale med ei buddhistisk dame i eit tempel.
Etter 40 år på Taiwan snakkar ho kinesisk med kven som helst, og er ein ypparleg guide! Ho flyttar heim til Surnadal sommaren 2014 for å vere pensjonist!
Tekst: Birger Foseide