Porten og kommunen 006_350x232

Trollheimsporten i god dialog med Surnadal kommune

- Bruk oss! Det var den klare oppfordringa frå Trollheimsporten-redaktør Willy Karlstrøm, som tirsdag møtte einingsleiarane i Surnadal kommune til ei orientering om mulegheitene for annonsering og informasjonsspreiing gjennom Porten.

Trollheimsporten får stadig fleire brukarar og sette ny månadsrekord i august, da til saman 138.318 klikka seg inn på framsida. Det gir eit gjennomsnitt på 4461 daglege besøk, noko som viser at stadig fleire brukar Trollheimsporten for å informere seg om smått og stort som skjer i Rindal og Surnadal.

Surnadal kommune er ein av Trollheimsporten sine store samarbeidspartnarar, og det var i den samanheng Willy Karlstrøm møtte rådmann Geir Vikan og einingsleiarane til ein informasjons- og "bli kjent"-møte i kommunehuset på Skei.

Der orienterte Karlstrøm om Porten sine mange fordelar som informasjonskanal, om den store brukarveksten og om mulegheitene kommunane og andre aktørar har både med annonsering og redaksjonelt stoff.

- Vi er interessert i å vise mangfaldet i det som skjer i distriktet. Ei stillingsannonse på Porten blir lagt merke til, og ikkje noko sak er for lita - eller for stor - til at vi dekkjer den redaksjonelt. Det er ikkje alltid vi har kapasitet til å vere på alle arrangement sjølve. Men da er det berre for dykk å ta eit bilde og sende det til redaktor@trollheimsporten.no  saman med eit par stikkord og tekstlinjer, så lagar vi ein artikkel som blir lagt ut på Porten, sa Karlstrøm.

Han understrekar at også privatpersonar blir oppfordra til å sende inn stoff og bruke Trollheimsporten på denne måten.