
Trollheimsporten presenterer turmål
Utover sommaren og hausten vil Trollheimsporten gi deg tips om attraktive turar i Surnadal. Vårt første tips blir presentert i dag, og er ein rundtur om gamle vegar til Todalen, med utgangspunkt i Svinvika. Vi vil prøve å presentere turar av ulik lengd og vanskegrad og frå forskjellige delar av kommunen. Har du ein favoritt-tur, tek vi gjerne imot gode tips, eller kvifor ikkje be oss med på tur? Viss du viser vegen, stiller vi med kamera, blokk og turstøvlar! Ta kontakt redaktor@trollheimsporten.no eller norunn@trollheimsporten.no.
Trimmarar frå stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag på tur i Svinvika på Verdens aktivitetsdag tidlegare i sommar. Foto: Norunn Holten