
Trollheimstunnelen
Ordføraren i Surnadal har stor tru på Trollheimstunellen når det gjeld planene om ei fergefritt samband i regionen.
Kommunane Sunndal og Surnadal har dei siste åra engasjert seg sterkt i arbeidet med å planlegge Trollheimstunnelen. Alternativet med tunnel frå Ålvundeid til Ørsal er innarbeidd i relevant kommunedelplanar både i Sunndal og Surnadal. Ordføraren i Surnadal, Mons Otnes, seier det er svært viktig at fylkestinget prioriterer dette prosjektet som nr. 2 etter Nordøyvegen, og håper at prosjektet blir starta opp i 2014.
Otnes har stor tru på dei planane som no ligg føre. Han seier at Indre Nordmøre treng eit ferjefritt samband snarast muleg for å sikre ein robust bu- og arbeidsmarknadsregion. Han går så langt som å seie at for kommunane Sunndal og Surnadal er det berre eitt alternativ som er aktuelt i denne saken - nettopp Trollheimstunnelen.
Les meir om Trollheimstunnelen her


.png)

