Trond L 1

Trond Løfaldli med pedikyr i fjøset

Den siste veka har Trond Løfaldli frå Rindal drevet klauvskjering i Todalen. I dag er det krav om at mjølkekyrne skal stå på gummimatter, og da får dei ikkje den naturlege slitasjen på klauvene slik som om sommaren når dei går ute.

Derfor treng dei oftare stell, og det har Løfaldli spesialisert seg på. Han har lang erfaring i dette arbeidet, og sidan 2005 har han bruka ein moderne klauvboks som gjer at han får god arbeidsstilling og som handterer kua på ein grei måte.

Løfaldli fortel at han har kundar i heile regionen, og at han gjer avtalar med mjølkeprodusentane slik at kyrne får regelmessig vedlikehald av klauvene. Dette bidreg til økt trivsel og betre helse for mjølkekyrne.

Over til venstre: Dagros ventar tålmodig medan Trond Løfaldli steller klauvene. Foto: Olaug Kvendset - todalen.no - der du finn heile saka.