
TrondheimSolistene nominert til to Grammy-prisar

TrondheimSolistene er nominert både i klassen for Best Surround Sound Album og Best Small Ensemble Performance. Begge nominasjonane gjeld for albumet «In Folk Style».
- Nominasjonane har vi fått i konkurranse med plater frå heile verda. Dette betyr at vi både blir lagt merke til og har fått eit fotfeste internasjonalt. Om vi faktisk blir tildelt pris, er det fenomenalt, men nominasjonane i seg sjølv er ei stor ære, seier Steinar Larsen på telefon frå Berlin.
Grammy Award blir sett på som musikken sin variant av Oscar-utdelinga, og har blitt delt ut sidan 1959 for framståande prestasjonar innan musikk. Prisen blir ikkje delt ut på bakgrunn av platesal, men etter stemmegjeving frå personar i den amerikanske musikkindustrien. I år er det nominasjoner i 109 kategorier. Prisen vil bli delt ut 13. februar i Los Angeles, og Steinar Larsen seier han reknar med å reise dit for utdelinga.
- Da vi var der i fjor, var det nesten surrealistisk. Heile showet tok totalt 14 timar, og det var konsertar med både Paul McCartney og U2.
Men før det er Grammy-utdeling i USA, skal TrondheimSolistene og kunstnarleg leiar Øyvind Gimse ha nyttårskonsert i Surnadal Kulturhus 19. januar. Solist er Liu Guangyu, som blir rekna som ein meister på det kinesiske folkemusikkinstrumentet Erhu.
Også 11. desember skal TrondheimSolistene-fiolinist Anders Larsen spele i kulturhuset i Surnadal. Da som medlem av Famntak.

.png)

