
Auke i narkosaker i Surnadal
Truslar på grunn av stor narkogjeld

Anders Magne Ormset møtte i føremiddag, torsdag, ordførar Mons Otnes og resten av kommunestyret i Surnadal for å orientere om rusutviklinga i kommunen.
Sjølv om Ormset understreka at talet på registrerte saker ikkje er skremmande høgt, er det ei tydeleg utvikling med aukande narkobruk i kommunen. Det er også registrert fleire brukarar av tunge stoff, og i fjor vart to personar berga etter å ha teke overdosar. Men ein surnadaling busett i Trondheim omkom på grunn av overdose.
Største narkosaka i Surnadal siste året var eit beslag på 65 gram amfetamin, tilsvarande cirka 250 brukardoser. Medan dei fleste saker blir avgjort ved forelegg, er amfetamin-saka ikkje avgjort enno.
Ifølgje Ormset er rusmiljøet i Surnadal dominert av menn, og det er eit etablert miljø med personar i byrjinga av 20-åra.
- Mange som har vore på avrusing, har ramla utpå igjen, fortalde Ormset. Ungdomskonsulent Lars Sæther supplerte med å orientere om at kommunen har rundt 15 personar i alderen 18-30 år som blir aktivt følgt opp.
- Mange slit med å finne seg ein plass å bu, og det er eit klart behov for fleire kommunale bustader. Det som er viktig når personar som har fått hjelp med rusproblema sine, kjem tilbake, er at dei slepp å hamne rett tilbake i det same miljøet dei var i.

.png)

