Kulturvøkku 2017:
Tunmesse i strålande sol
Tre barn vart døypte under tunmessa på Rindal Skimuseum idag: Sverre Bøvra Moen, Ine Hyldbakk og Birk Kvernberg Heggset. Sjå mange bilde frå dåpen og les preika til Lene Prest nedafor!
16 Så sier Herren over hærskarene:
Hør ikke på ordene til de profetene
som profeterer for dere!
De gjør dere tomme;
de forteller om syn fra eget hjerte
og ikke fra Herrens munn.
17 De sier til dem som forakter meg:
« Herren sier: Dere skal ha fred»,
og til alle som følger sitt egenrådige hjerte:
«Ikke noe ondt skal komme over dere.»
18 Men hvem har vært med i Herrens råd
og sett og hørt hans ord?
Hvem lyttet til hans ord og adlød det?
19 Se, Herrens storm, hans harme, bryter ut!
Stormen virvler over de urettferdiges hoder.
20 Herrens vrede legger seg ikke
før han har utført og satt i verk
planene i sitt hjerte.
I dager som kommer,
skal dere forstå fullt ut.
21 Jeg har ikke sendt profetene,
men de løper,
jeg har ikke talt til dem,
men de profeterer.
22 Om de hadde vært med i mitt råd,
kunne de latt folket mitt få høre mine ord
og fått dem til å vende om
fra sine onde veier og gjerninger.
23 Er jeg en gud som er nær, sier Herren,
og ikke en gud langt borte?
24 Kan noen gjemme seg på hemmelige steder så jeg ikke ser ham? sier Herren.
Fyller ikke jeg både himmel og jord?
sier Herren.
For veldig mange år sidan, i det som den gong heitte Småskulen, lærte eg ein song med ein heller tvilsom tekst. Den gongen, tidleg på 70-talet, var det gjerne nyttig nok.
Og tanken bak denne sangen, er at Gud ser deg hvis du ikkje er forsiktig nok. Berre tanken på at Gud ser kva me gjer og endå til kva me tenkjer, skulle gjera oss tilstrekkeleg skremt så me oppførte oss fint.
Korleis den var?
Vær forsiktig lille hånd hva du gjør.
Vær forsiktig lille hånd hva du gjør.
For Gud Fader oppe der han ser ned på alle her.
Vær forsiktig lille hånd hva du gjør.
Vær forsiktig lille fot hvor du går ….
Vær forsiktig lille hode hva du tenker …
Dette å skremme ulydige små – og vaksne – med kva Gud måtte meine, er alvorleg nok. For kven har vel definisjonsmakta på kva som er Guds vilje og ikkje?
Små born kunne skremmast til å høyre etter med henvisning både til Gud og mangt anna. Før i tida var det gjerne enkelt å skremme vaksne tilsvarande også?! – Det har tross alt ikkje gått meir enn 500 år sidan Martin Luther spikra opp sine 90 teser på ei kyrkjedør i Worms, der kritikken mot den såkalla avlatshandelen var tydeleg nok. Reint forkasteleg var det at folk skulle betale til kyrkja for å fri seg frå skjærsild og dom.
Kva er forandra sidan henholdsvis 1517 og 70-talet?
Fyrst og fremst trur eg det er at me i stadig større tenkjer sjølve. Me er ikkje lengre så lydige som engstelege katolikkar i middelalderen eller strengt oppdratte born frå 70-talet. Den blinde lydnaden til autoritetar fungerer ikkje i like stor grad som før.
Det har vorte stadig meir ope rom for å tenkja sjølve, gjera seg opp eigne meiningar og gjerne vera stolt av dei i tillegg.
Samstundes har kyrkja og prestane mista mykje makt over sjelane. Dette trur eg er av det gode, - dette med makt har igrunn vore ganske så ukledeleg både for kyrkje og prest.
Men like fullt kan me spørje oss kva posisjon Gud har i denne vår moderne og i høgste grad sjølvbestemte tid?
Gud kjem til oss i åtvaringa. Jeremias forkynner det tydeleg nok: Høyr ikkje på orda til dei profetane som profeterer for dykk. Dei gjer dykk tomme.
Var det gjerne fleire enn eg som merka det – at det går ikkje an å leva på draumen om perfekt liv og perfekt heim, perfekt ferie og perfekt familie, og dertil perfekt fasade. Det blir til slutt eit mareritt av krav og forventningar me rettar mot oss sjølve. Me klarer ikkje å hengja med. Og kvifor skulle me – det er då ikkje meir enn tomt uansett?
Tomt uansett – i alle fall om me kan sleppe taket i fordommane våre og sjå på alternativet utan skylappar:
Alternativet til vårt av perfeksjonisme og ambisjonar er han som ikkje er tom, som ikkje er ute etter å ta oss, som ikkje vil anna enn å elske oss til himmels.
Så var det kanskje ikkje så skummelt at me har ein Gud som ser. Me treng ikkje å prøve oss på å leike gjemsel med Gud, - for om Adam og Eva hadde god grunn til å gøyme seg, så har vel ikkje me det?
Faktisk er det ein tryggheit i dette at Gud ser. Me kan ikkje gøyme oss på hemmelege stader så Gud ikkje ser oss, sidan det faktisk er slik at Gud fyller både himmel og jord.
Det kan gjerne bli eit vendepunkt i tankesettet vårt når me tek med oss desse gudsorda frå Jeremias vidare ut i sumarens kvardagar og feriedagar:
Gud ser meg, og det er eg glad for. Han ser korleis eg har det, så eg slepp å forklare det sjølv.
Då kan det også gjerne bli så me ser kva som er tomheit i livet og søkjer å fylle tanke og vissheit med den kjærleiken som aldri går ut på dato.
Sokneprest Lene Gåsvatn.
Klart til barnedåp.
Sverre Bøvra Moen med foreldre og fadderar.
Ine Hyldbakk med foreldre og fadderar.
Birk Kvernberg Heggset med foreldre og fadderar.
Barnedåpen denne søndagen vart innviing av "nytt" dåpsfat og ny dåpskanne på museet.
Den gamle dåpsfatet var gammal og utett, så no er det på kjerkmuseet på galleriet i Rindal kirke. Det nye fatet er også gammalt (- frå 1790), og er ei gåve frå Inger og Magnar Haltli. Dåpskanna er ein kopi av ei eldre dåpskanne og vart kjøpt på Finn, og selgaren har tilknyting til Rindal.
Rundt 130 menneske var samla på museumstunet til tunmesse. Site regndråpane vart tørka av stolane litt over halv elleve, så kom sola og sommardagen etterkvart. Etter gudstenesta var det rømmegraut å få kjøpt i museumskafeen, og seinare var det søndagskaffe ved museumsvennene i Bjønnåsstøggu.
Organist denne vakre søndagen ved Igltjønna var Arvid Halsetrønning.