Tur til Megardsvatnet
Trass i eit kraftig regnel i 11-12-tida og usikre vêrmeldingar, møtte 20 deltakarar opp ved Felleskjøpet i Halsa og vart med på turen til Megardsvatnet. Dette er òg ein av Stikk UT-turane i år. Vi parkerte bilane ved bommen før vi la på veg oppover.
Vi var så heldige å ha med Hans Gujord som kjentmann og guide, og han fortalde namnet på alle plassane vi kunne skimta gjennom små opningar i skogen. Komne opp til Megardsvatnet benka vi oss framom det fine Grillhuset til 4-H i Halsa og tok fram nistepakkane våre.
Mange takk til Hans Gujord for den vellykka turen, og til Halsa 4-H for ”lånet” av bord og benkar!
Turen torsdag neste veke går til Gammelfabrikken i Todalen, og vi går i fabrikken og fossen sitt nærområde. Jon Olav Ørsal stiller opp som vanleg og opnar dørene slik at folk kan sjå seg rundt – både ute og inne; og de treng ikkje å ta med stolar. Fotty: Joggesko.
Vi legg ut på tur til Megardsvatnet.
Vi er så heldige å ha med Hans Gujord som guide på turen.
Alle 20 deltakarane samla til matpause oppe ved vatnet. I bakgrunnen ser vi seterstølen på Megardssetra. Sjølve seterhusa er borte no, men vi kan sjå hytta som er bygd på tuftene av det gamle seterskjelet.
Olav Øye (nr. 2 frå venstre) fortel ei artig historie som får fram smilet hos Lisbet Ranes, Jorunn Bævre, Margrete Rø og Lars Magnar Bævre.
Deltakarane samla framom Grillhuset, som er bygd på dugnad av 4-H i Halsa og sponsa av Lerøy fiskeoppdrett.
Hans låser opp døra så vi kan få sjå korleis det ser ut inne i Grillhuset. Borte ved eine veggen står ein omn, og midt på golvet er sjølve grillplassen. Alt så reint og blankt at det skin, så vi tør ikkje trø inn og lorta ut det reinvaska golvet.
Tekst og foto: Vidar Sogge