
Aksjonsdag for flyktninger på Øvre Rindal skule
TV-aksjonen er i gang
Alt utafor vart vi ønska velkomne av elevane i ein fantasifull vinduscollage.
Det var sjølvsagt loddsalg. Også industriområdet
Stokkøyan fekk kjøpe både lunsjbrød og lodd!
På skulen var det underhaldning av elevane leda av Ingeborg Elise. Sekretær for den kommunale innsamlingskomitéen, Kjellaug Foseide rosa elevar, lærarar og foreldre ved
skulen for den trufaste innsatsen dei gjer for TV-aksjonen.
Veggene i gymsalen var dekorete med collagar der bilde av elevane var tatt inn i meir eksotiske samanhengar og viste at dei hadde engasjert seg i flyktningane sin situasjon også i skuletimane. Sjå nedafor!
Så var det sjølvsagt salg av kaffe, saft og kaker! Resultatet vart altså 10 358 kr til Flyktningehjelpa!
Så minner vi kvarandre at på søndag er det vår tur å gjere ein innsats for flyktningane!
Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og i serie!

.png)










