
Uavgjort for Surnadal
Surnadal var sjansemessig best, men var ikkje effektive nok framfor mål. Dermed vart det 1-1 i 3.divisjonsoppgjeret mot Elnesvågen på Syltøran laurdag. - Vi bør score på slike 110 prosent-sjansar som vi hadde i dag. Aggressiviteten var ikkje så bra som den har vore tidlegare, men vi fikk i alle fall eitt poeng, og totalt sett har haustsesongen vore bra, seier spelande trenar Webjørn Holten.

Elnesvågen hadde i realiteten berre to målsjanar, men var effektive og sørga for kampens første mål. Trond Blekken utlikna for Surnadal i sesongens siste heimekamp, og på dei ni siste kampane står dermed Surnadal med sju sigrar og ein uavgjort, noko som gjer at 3.divisjonsspelet forlengst er sikra også for neste sesong.
Men ut frå spelemessig overtak og målsjansar skulle Kjetil Rønning (bildet) og Surnadal vore klar vinnar mot Elnesvågen.
- Vi burde i alle fall hatt fire mål, men når vi ikkje klarar å omsetje sjansane, så får vi vere fornøgde med det poenget vi tok, seier Webjørn Holten. Sesongens siste kamp for Surnadal blir mot Træff på Reknesbanen laurdag 9. oktober.

.png)

