Jo Heggset_cropped_1024x947

Uheldig havørn lurte døden

Tre damer på trimtur til Trodalen fekk seg ei naturoppleving av dei sjeldne da dei fann ein tilsynelatande død havørn under ein trestokk på stien dei følgde. Det var først da damene begynte å lette på stokken at det vart liv under han, og den skada ørnen baska seg fram og nedover berga. Han vart liggjande to-tre meter nedanfor stien, på ryggen med utspreidde venger og klørne i veret. Det såg ille ut, men damene tok likevel kontakt med kommunen, som igjen kontakta Jo Heggset. Han henta den skada fuglen, og det er no håp om at historia får ein lykkeleg slutt.

Det er ikkje kvar dag ein har ein havørn i fanget! Her får fuglen ein luftepause før turen går vidare til Surnadal. Alle foto: Norunn Holten

Korleis den uheldige fuglen har hamna under stokken, kan ein berre spekulere på. Truleg har stokken ligge nokre meter ovanfor stien, saman med vindfall og anna buskas. Ørnen kan ha sett seg på ei grein som har fått stokken til å lausne slik at han trilla nedover og tok ørnen med seg. Der stien går, er det litt flatare slik at ferda til stokken slutta. Damene som kom etter stien, la først berre merke til stokken som låg på langs etter stien, og ikkje fuglen under han. Da dei såg ca 20 cm av ein venge som stakk opp, undra dei seg over korleis ein fugl kunne ha hamna under der, og tok det som sjølvsagt at ørnen var død. For at det var ein ørn, var det ingen tvil om ut ifrå fjørene.

Da dei begynte å lette på stokken, begynte det å røre seg under den. Det var liv i fuglen! Den baska seg nedover berget, og endte på ryggen ca. tre meter nedanfor stien. Det såg skikkeleg ille ut, og dei tre turgåarane såg for seg at det her måtte bli tale om ei avliving for å spare fuglen for meir liding. Sidan ørnen er freda, ringte dei likevel til kommunen for å høyre kva dei skulle gjera. Kommunen kontakta Jo Heggset og Marita Sæter som straks tok ut til funnstaden ikkje langt frå Flessa. Der vart fuglen funnen i same stilling som turgåarane hadde forlatt han. Mirakuløst nok levde ørnen framleis. Dei frakta han i ein pappkasse inn til Flessa, og fekk han med seg heim. Der vil dei ha fuglen til observasjon før han blir sleppt ut igjen på plassen han vart funnen.

Dette vel å merkje viss alt går bra, og det kan berre tida vise. Uansett er det grunn til ein viss optimisme. Da ørnen fekk lufte seg litt på Flessa før køyreturen inn til Surnadal starta, hadde han vake blikk og let Jo Heggset undersøke vengene hans. Heggset hadde alt undersøkt fuglen såpass at han hadde funne ut at ørnen var full av mat. Han kan derfor ikkje ha ligge lenge under stokken. Fuglen har vore maksimalt uheldig som har greidd å hamne under ein stor trestokk. På ei anna side var han heldig med at tre Bæverfjordsdamer tilfeldigvis for på trimtur til Trodalen akkurat fredag formiddag! 

 

Ørnen var heilt roleg etter at den vart fanga.

 Berre brystkassen som heva og senka seg, viste at det var liv i den vakre fuglen etter at han hadde kome seg fri og baska seg av stad.