Ulv Wikip 800px-Canis_lupus_265b

Ulv på Skogen - bekrefta av Lars Olav Lund

Rundt midnatt fredag kveld var det fleire personar på Rindalsskogen som meiner dei såg ein ulv som kryssa fylkesvegen. Eit par bilar passerte også, og dei registrerte dyret. Aktuelle hundar i nærområdet er sjekka ut av saka, ingen var sakna. I forhold til fotodukumentasjon kan Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn bekrefte at det var ulv som vart observert!

Dei lokale personane som såg ulven, rakk ikkje å ta bilde. Dei trur eit par billistar som passerte, tok bilde. Veit du noko om dette, så ta kontakt med redaktor@trollheimsporten.no!

Dette fekk vi vite i løpet av lørdag:
Det ved 60-sona ved Steinan at ulven vart observert. Ulven kom i retning frå Simonseten,
passerte elva og for opp mot Furuhaugmarka. Trailersjåførane, som var frå Surnadal,  prøvde å ta bilde, men det var for langt hald. Dei var heilt sikre på at det var ulv.

I ettertid har Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn mottatt fotodokumentasjon, blant anna i form av en video og i forhold til det kan han bekrefte at det var ulv som vart observert.

- Det er fleire meldingar om ungdyr som reiser frå den etablerte flokken og streifer rundt over eit stort område. Truleg var det eit slikt ungdyr som vart observert på
Rindalsskogen fredag kveld og natt, seier Lars Olav Lund til Trollheimsporten.

(Ill.foto Wikipedia)