manifest 1_350x233

Underteikna manifest mot mobbing

Ordførar Mons Otnes besøkte fredag 18.03.11 Todalen og Stangvik oppvekstsenter avd. Todalen og Stangvik skule, Surnadal ungdomsskule og Mo oppvekstsenter for å skrive under eit nytt manifest mot mobbing. Måndag går turen vidare til Øye skule, Bæverfjord og Bøfjorden oppvekstsenter avd. Bæverfjord og Bøfjorden skule.

Dette er ein del av Surnadal kommune si oppfølging av regjeringa Stoltenberg sitt manifest mot mobbing for 2011-2014.

Saman med ordføraren skriv elevrådsleiarane på dei ulike skulane, rektorane, leiarane for Skulemiljø- og samarbeidsutvala og dei tillitsvalde for personalet under på eit lokalt manifest mot mobbing for sin skule.

Dette er ein del av det førebyggjande arbeidet mot mobbing i skulane i Surnadal, som har null-visjon mot mobbing,  skriv Surnadal kommune på si heimeside.