anna laks_350x305

Ung fangst og nye rekordar i Surna

Anna Holten Solem (12) tok sin første laks på 3,5 kilo i Solemshølen laurdag. Dette var blant fangstane som sørga for at veke 27 (5.-11.juli) vart nok ei rekordveke i Surna. Etter at halve sesongen no er unnagjort, er det landa 3,44 tonn laks - noko som er meir enn i heile fjorårssesongen!

I fjor stoppa laksestatistikken på 3,1 tonn i Surna, etter halve sesongen i år er mengda altså passert 3,44 tonn. Sjølv om dette er langt unna rekordane frå "gode, gamle dagar", er det likevel eit langt hopp fram samanlikna med dei bedrøvelege sesongane dei siste åra.

I forrige veke vart det teke totalt 140 laks med ei samla vekt på 690 kilo, melder surna.no. Til sammanlikning vart det teke 25 laks med ei samla vekt på 90 kilo i veke 27 i 2009.

Ti på topp-lista over laksefangsten i Surna så langt i år, ser slik ut:

1.Finn Ove Kaldvansvik - 16,6 kg, mark, Røv/Ytre Moen

2. Glenn Olsen - 16,5 kg, mark, Honnstad/Mogstad

3. Helge Dalen - 14,5 kg, flue, Sogge/Krangnes

4. Kristen Heggem - 14,4 kg, flue, Honnstad/Mogstad

5. Reidar Skogly - 13,6 kg, sluk, Honnstad/Mogstad

6. Per Petterson - 13,0 kg, sluk, Tellesbø/Ranes

7. Magne Hvattum - 12,5 kg, mark, Honnstad/Mogstad

8. H. Gundersen - 11,5 kg, sluk, Honnstad/Mogstad

9. Mads Gundersen - 11,4 kg, mark, Honnstad/Mogstad

10. Odd Seland - 11,0 kg, flue, Krangnes/Sogge

10. Hallvard Aune - 11,0 kg, mark, Honnstad/Mogstad

Tidens Krav har også ein artikkel om den flotte laksesesongen i Surna. Les den her.

Men i tillegg til mykje laks, har det no også kome inn rapportar om mykje lus. En fem kilos laks som vart landa måndag, hadde 77 lus. Alle blir no oppfordra om å bruke Fiskealarmen for å hjelpe til med luseobservasjonar.