Ung messe i Stangvik
Overhøringsgudstenesta før konfirmasjon kan ha ulike former. Søndag bestod dei unge i Stangvik sin eksamen med ei innhaldsrik messe.
Ramma var vanleg gudsteneste med nattverd og salmesong. Men som preikedel hadde presten Torbjørn Brøske utarbeidd «Jesu liv i ni akter» - med konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard som aktørar. Kjente avsnitt frå Bibelen fekk levande form med tekstlesing, dialog, dramatisering og song.
Vi såg Jesus som 12-åring i tempelet, på den stormfulle båtreisa over Genesaretsjøen og i møtet med Sakkeus. Kvinna som vart frisk etter 12 års sjukdom, takka med solosong – «Vær meg nær, å Gud». Likninga om den bortkomne sonen som fann heim att, vart også fint framstilt.
Påskehendingane stod sentralt. Torbjørn prest song Jesu bøn i Getsemane medan konfirmantane danna tablå. Prosesjonen til Golgata, korsfestinga, nedtakinga av korset og underet påskemorgon fekk stilisert form med stor verknad.
Det dramaturgiske vart flott gjennomført av alle – med svært enkelt teknisk utstyr. Musikk og songvalg understreka innhaldet og den skiftande stemninga.
Alle bestod eksamen. Som ein bestefar uttrykte det: - Dette var ein flott kveld!
Tekst: Bernt G. Bøe. Foto: Randi Vetleseter Bøe