
Unge artistar imponerte
Zplint med Sven Ranes, Torstein Snekvik, Ola Ingebrikt Dønnem og Olav Nordvik imponerte. Alle foto: Norunn Holten
Banda som stod på utescenen fredag, har alle vist seg fram for det lokale publikummet tidlegare. Banda som deltok var Intelligent Turtles, Tarmgass, Emergency, Zplint, Humør og Svingende Gudmødre. For den som har sett banda fleire gonger, er det artig å høyre og sjå korleis ungdommane utviklar ferdigheitene sine, både musikalsk og når det gjeld sceneframføring. Her er det mange vi kan vente oss mykje av i framtida!
Alle artistane samla på scenen etter endt konsert.
Tarmgass gav som vanleg alt på scenen. Frå venstre Jo Inge Nødset, Anders Gjerstad Lindvåg og John Heggem.
Trym Skogset, Preben Svinvik, Oddrun Flostrand Schei, Vetle Kvande og Stian Tonning Flatset utgjer bandet Emergency.
Humør med Kennet Ødegård Sørvik, Øystein Seter, Ann Iren Brøttumsmo, Per Helge Aarnes og Sveinung Helset Halle.