
Unge friskusar på Nordmarka
Surnadal i.l. fekk ein flott start på årets "Barn i løypa" torsdag kveld. Det var reine julestemninga på Nordmarka idrettssenter da 150-160 barn i alderen 0-10 år kasta seg ut i skiaktivitet og aking. Kvitrima tre, glitrande snø og godt selskap gjorde at ingen merka at søyla på gradestokken hadde krope nedover mot det tosifra. Oppskrifta for arrangementet var som tidlegare år: Aking, skigåing og skirenning, alt etter evner og lyst, med bakels som topping til slutt!
Tre unge damer som er ferdige med rundane sine ute i løypa og får seg ein fortent bakelsrunding: Frå venstre Marianne Svendsen Fiske, Mali Polden og Ellen Svendsen Fiske. Alle foto: Norunn Holten.
Neste veke blir det ikkje "Barn i løypa" på grunn av KM helga etter. Elles blir det kvar veke framover, berre avbrote av vinterferien.
Tre opplagte, unge skiløparar i minusgrader på Nordmarka: Jonas (?), Adrian og Iselin.
Over: Glimt frå akebakken. Der var det full fart med mange av dei yngste deltakarane.