vinnarane_1024x683

Unge gründerar imponerte

Veka før vinterferien har vore ei annleis, men og lærerik veke for elevane på niande trinn ved Surnadal ungdomsskule. Elevane har fått velje om dei ville vera med på gründercamp eller delta på avløysarkurs. 32 elevar valte sistnemnte alternativ, resten deltok på gründercamp.

I formiddag var elevane samla i kantina på skulen for å presentere arbeidet dei har gjort i løpet av gründerveka for medelevar, lærarar, nokre mentorar og ikkje minst: tre dommarar som skulle kåre dei beste grupperesultata. Dommarane var generelt imponerte over det elevane hadde greidd å få til i løpet av veka, og rosa dei mellom anna for ærleg refleksjon over oppdraget i loggane sine og flotte presentasjonar. Gruppa som stakk av med førstepremien på 4000 kroner, hadde arbeidd med forslag til å vidareutvikle området i og rundt Surnadal alpinsenter. Patrick Reurink, som presenterte dommarane sine kommentarar til dei ulike gruppene, sa at vinnarbidraget vitna om at gruppa hadde jobba hardt gjennom heile veka og at løysinga deira var heilheitleg, mangfoldig og innebar eit nytt perspektiv på alpinsenteret. Ungdommane sjølve var spesielt fornøgde med forslaget om stolheis heilt opp til Syltnebba. Andrepremien på 2500 kroner gjekk til gruppa som hadde planlagt markeringa av stemmerettsjubileet i Surnadal. Tredjepremien på 1500 kroner gjekk til gruppa som hadde arbeidd med å utvikle ungdomsaktivitetar ved hotellet. Premiane skal brukast til sosiale aktivitetar for elevane på trinnet.

Skulen blir med jamne mellomrom kritisert for ikkje å gi elevane oppgåver som er verkelegheitsnære nok. I dette tilfellet tykkjer vi ikkje oppgåvene kunne blitt meir verkelegheitsnære. Fleire av elevane kan sannsynlegvis oppleve at idear dei har vore med på å utvikle gjennom gründercampen blir bruka av bedriftene som gav dei oppdraget. Sjå berre på oppgåvene: Ei av gruppene arbeidde med korleis vi kan auke fokus på og omsetning av lokalprodusert mat. Oppdraget var gitt av SIV Industri-inkubator AS og mentor for gruppa var Magne Løfaldli. Ei anna gruppe arbeidde med korleis stemmerettsjubileet kan markerast her i Surnadal. Oppdraget var gitt av Anne Polden og Anne Lise Wullum frå Surnadal kommune. Å laga utstillingsvindu var oppgåva ei tredje gruppe har arbeidd med gjennom veka. Oppdraget var gitt av Bente Edvardsen som også var mentor for gruppa. Ei anna gruppe hadde fått i oppgåve av Vårsøg hotell å utvikle ungdomsaktivitetar for hotellet, samt utarbeide årshjul gjennom året. Korleis opninga av det nye hagelandet ved Byggmakker skal markerast, var også ei oppgåve ei av gruppene fekk å bryne seg på. Elles var barnevernet, plan for aktivitetsdag ved skulen og marknadsføring av Hammerstuene tema for elevgrupper på gründercampen.

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie! Alle foto: Norunn Holten

 

vinnarane_1024x683
Vinnargruppa på gründercampen såg mange utviklingsmulegheiter for Surnadal alpinsenter.
utstillingsvindu_1024x683
Denne gruppa hadde fått i oppgåve å laga utstillingsvindu for Bente Edvardsen.
bronseplass_1024x683
Denne gjengen tok tredjeplassen for arbeidet sitt med ungdomsaktivitetar ved Vårsøg hotell.
hageland_1024x683
Får desse ungdommane som dei vil, blir det ei opningsmarkering det står respekt av på det nye hagelandet ved Byggmakker.
aktivitetsdag_1024x683
Dette trekløveret hadde arbeidd med forslag til opplegg for aktivitetsdag ved skulen.
pall og dommarar_1024x683
Karin Halle frå Surnadal kommune delte ut premiar til dei tre beste gruppene. Rektor Norvald Bondhus følgjer fornøgd med.
dommarane_1024x683
Katrine Mauset frå Surnadal sparebank, Patrick Reurink frå SIV og Karin Halle frå Surnadal kommune hadde ein utfordrande jobb som dommarar på gründercampen.
Aase Vedul Moen_cropped_1024x1611
Aase Vedul Moen er initiativtakar til gründercampen ved Surnadal ungdomsskule.
avløysarar_1024x683
Det kan bli mulegheit til ei frihelg for opptil fleire gardbrukarar etter at denne gjengen er ferdige med gjennomført avløysarkurs.