
Unge zumbadansarar
Da dei 17 elevane i klasse 2B frå Øye skule skulle ha uteskuledag, hamna dei på zumba og leik ved Surnadal velværesenter.I tillegg fekk dei også prøve seg med boksehanskar på punchingball, og det vart godbitar i form av frukt og konfekt. Ungane storkosa seg, og er inviterte til å koma igjen.
Trongt i gangen ved Surnadal Velværesenter når barn frå Øye skule kjem på besøk. Alle foto: Surnadal Velværesenter
Først må likevel dei to andre klassane på andre trinn ved barneskulen få prøve seg. Det skjer først over jul. I samband med uteskuledagane skal elevane besøkje tre ulike plassar på Skei. Velværesenteret er altså ein av desse. Anita Gjerstad Lindvåg opplyser elles at Velsværesenteret køyrer i gang igjen med barnezumba over jul. Dette vil gå føre seg på søndag ettermiddag.
Klasse 2B i full aktivitet ved Surnadal Velværesenter.
Ann Kristin instruerer i bruk av punchingball og boksehanskar.