
Unni Boksasp Ensemble i Surnadal!
”Det oser overskudd og spilleglede av Keramello når Unni Boksasp Ensemble slipper seg løs. Dette er humørfylt folkemusikk som gjennom utsøkte arrangementer oppleves som et gedigent festmåltid.” Dette skriv Aftenposten om ensemblet som gjestar Surnadal kulturhus laurdag 14. april. Dei har spela for ein fullsett storsal i kulturhuset før, og gler seg til å kome att!
Surnadal kulturhus har gleda av å stå for ein liten ”Nordmørspremiære” med denne konserten. Unni Boksasp vil saman med ensemblet sitt presenterer heilt nytt og nyskrive materiale. Både tekstar og melodiar er nye, skrive av Boksasp sjølv, i same frodige, skeive, svingande og freidige stil som før. Ny nordmørsk folkemusikk - ærleg, personleg og humoristisk. På nordmørsdialekt så klart.
Unni Boksasp enesmble er: Trygve Brøske (tangentinstrument), Jorun Marie Kvernberg (fele/ hardingfele), Olav Mjelva (fele/ hardingfele), Magne Vestrum (kontrabass), Petter Berndalen (perkusjon) og Unni Boksasp (song og zitter).
På konserten i Surnadal kulturhus deltek også kora Jubilate. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor ilag med ensemblet på nokon songar.