
Unni Boksasp imponerte
Imponerte frå scenen i kulturhuset: Frå venstre Olav Mjelva, Petter Berndalen, Unni Boksasp og Jorun Marie Kvernberg. Alle foto: Norunn Holten
Unni Boksasp ville saman med ensemblet sitt prøve ut nytt og nyskrive materiale på publikum under konserten på kulturhuset. -Vi har øvd på nye songar denne veka. Det blir gøy å høyre om dei held mål, sa Unni Boksasp. Publikum i Storstua svara på spørsmålet hennar med ståande applaus etter endt forestilling. Musikken ensemblet presenterte, var ei musikalsk skattekiste der tradisjonstonar frå Nordmøre utgjorde det mest dominerande og gjennomgåande elementet, men der det også var andre musikalske edelsteinar som blinka. Rytmane var eit kapittel for seg. Spekteret var vidt; Her hadde ein tradisjonelle rytmar, men også heilt andre og meir framande, som til dømes kunne ha passa like godt inn i Rio de Janeiro. Kontrastar kunne ein også finne i forhold til andre element i musikken, og dette er noko av det som er med på å gjera musikken til ensemblet så spennande. Du finn både eldre og nye tekstar- begge delar passar like godt inn i heilskapen. Alvor og humor går hand i hand både i tekst og musikk. Arrangementa var gode, og det var tydeleg at dei var laga av perfeksjonistar. Ofte var det berre ein liten musikalsk detalj som sette prikken over i-en.
Etter forestillinga i Surnadal kulturhus framstår kvalitet som det mest karakteristiske varemerket ved musikken til Unni Boksasp ensemble. Publikum fekk erfare at det ikkje er utan grunn at ensemblet har motteke mange utmerkingar for musikken sin. Musikken er prega av at ein her har med profesjonelle å gjera, som med stø hand handterer dei ulike musikalske elementa og sett dei saman til det uttrykket dei ønskjer. Trass i at songane til ensemblet er veldig ulike, har dei derfor ensemblets sin karakteristisk signatur. Dei ulike musikalske innslaga framstår saman som ein konsistent heilskap. I tillegg har artistane den kreativiteten som skal til for å gjera musikken unik, og til meir enn berre handverk. Unni Boksasp (song ), Trygve Brøske (tangentinstrument), Jorun Marie Kvernberg (fele/ hardingfele), Olav Mjelva (fele/ hardingfele), Magne Vestrum (kontrabass) og Petter Berndalen (trommer) fekk velfortent respons i Surnadal kulturhus.
Jubilate, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor song i lag med ensemblet på nokon songar.
Unni Boksasp Ensemble fekk ståande applaus som løn for innsatsen i Storstuå laurdag kveld. Dei fekk også kvar sin CD med "surnadalsstemmer" av Karstein Telstad. Frå venstre Karstein Telstad, Trygve Brøske, Olav Mjelva, Magne Vestrum, Petter Berndalen, Unni Boksasp og Jorun Marie Kvernberg.
Mange benytta anledninga til å kjøpe seg ein signert CD med musikk av ensemblet etter konserten. Unni Boksasp stod sjølv for signeringa.