trond skogseth_350x282

Lesarinnlegg frå Trond Skogseth

Usikker tunneløkonomi

"Tilhengarane av Trollheimstunnelen er standhaftige og samkøyrte. Du kan kome med kva argument du vil, om at brualternativet vil gi ei betre og meir framtidsretta samferdselsløysing for regionen vår, men som vatn på gåsa prellar slikt av dei." Les heile lesarinnlegget her.

Deira unisone bodskap er at Trollheimstunnelen er det einaste rette og at brualternativet kjem for seint eller er for dyrt. Dei håpar kanskje at om dei gjentek dette nok, så vil det til slutt bli oppfatta som ei sannheit og dei slepp å forhalde seg til andre argument. Men vi er etter kvart mange som ser heilt annleis på dette; stadig fleire og til saman 2081 personar har skrive seg på lista mot Trollheimstunnelen på www.trollheimsbrua.no . Og sjølv om «money talks», ikkje minst i vegspørsmål, er det etter fleire si meining òg så mange usikkerheiter rundt økonomien i Trollheimstunnelen at det er vanskeleg å forstå at det som har framkome til no skal vere avgjerande for trasévalget.  


Den økonomiske argumentasjonen til leiinga i Trollheimstunnelen og deira meiningsfeller, er basert på Statens vegvesen (SVV) sitt grovoverslag for prosjektet, som fortel at brualternativet blir fleire hundre millionar kroner dyrare enn dei knapt 1,5 milliardane Trollheimstunnelen er berekna å koste (ref. SVV sin rapport frå feb. 2011). Ordet grovoverslag er her treffande; SVV kallar det sjølv «kostnadsoverslag på utgreiingsnivå» med ein «usikkerheitsgrad på +/- 40 %»! Når ein i tillegg veit at det er lagt til kostnadar på brualternativet som strengt tatt ikkje høyrer til der (m.a. ny bru over Ålvundfossen), så er nesten det einaste ein kan slutte frå kostnadsoverslaga at dei er usikre og ueigna som verkelege vedtaksunderlag, utan meir detaljerte utgreiingar. Og detaljutgreiingar av brualternativet synast å vere det siste Trollheimstunnelen og Surnadal kommune ønskjer. Stortinget set som kjent krav om ein nøyaktigheitsgrad på +/- 10% når dei skal gjere vedtak i slike saker.

Statens vegvesen er gode på vegbygging, inkl. tunnelar og bruer. Dessverre er dei òg vidgjetne for å bomme på sine kostnadsoverslag på vegprosjekt, til og med etter at dei har gjort grundige analyser. Størst problem har dei med tunnelar. Ei undersøking frå 2003 viste at medan vegprosjekta i gjennomsnitt «sprakk» med 5,8 % ift. budsjett, så var gjennomsnittleg kostnadsoverskridelse for tunnelprosjekta over 20 %! Ei av hovudårsakene til at det er ekstra vanskeleg å treffe med kostnadsoverslaga for tunnelar, er at det naturleg nok er vanskeleg å vite korleis kvaliteten på berget langt inne i fjellet er. Vi veit frå Oppdølsstranda at berget i dette området kan vere vanskeleg og farleg, og dermed dyrt for tunnelbyggjarar. Og både dei bergtekniske og økonomiske utfordringane aukar dess lengre tunnelen er og høgare fjell det er over sjølve tunnelen. Fersk veghistorie viser at vi først får fasiten etter at ein er i gang med bygginga av tunnelen.

Brubygging er langt meir oversiktleg, og både SVV og vegbransjen har generelt mykje lengre og meir erfaring og kunnskap på bruer enn på lange og djupe tunnelar. I sine grovoverslag har SVV brukt same usikkerheitsgrad for alle alternativa, men frå andre kjelder i SVV veit eg at usikkerheitene rundt kostnadane for bruprosjekt generelt sett er mindre. Og såleis skulle alternativet med bru og ein 4,3 km lang tunnel utgjere ein mindre risiko for Staten og skattebetalarane enn ein 9,4 km lang Trollheimstunnel – evt. landets fjerde lengste tunnel – under den nesten 1400 meter høge Virumkjerringa. Ein ytterlegare usikkerheit som heftar med Trollheimstunnelen er nye EU-reglar som fagfolk forventar kjem, med krav om at ekstra lange tunnelar i framtida må ha dobbeltløp. Blir det ein realitet, vil sjølvsagt aldri nokon få sjå lyset i enden av Trollheimstunnelen.

Tilhengarane av Trollheimstunnelen synast ikkje interessert i å diskutere framtidige vedlikehaldskostnadar for dei ulike alternativa. Kanskje er det fordi dei har innsett at ein lang tunnel vil ha mykje høgare vedlikehaldskostnadar enn ei bru og ein under halvparten så lang tunnel. Brutilhengargruppa har vurdert besparelsane til 2 millionar kroner årleg. Som kjent veit vi at vegdirektøren i førre veke innstilte på at framtidig ferjefri kryssing av Halsafjorden evt. må skje vha. ei lang bru og ikkje ein billegare tunnel, nettopp pga. at vedlikeholdskostnadane med bru er mykje lågare enn for tunnel. I Oslo har dei erfart at 3 % av vegnettet som er i tunnel stikk av med nesten 40 % av det totale vedlikehaldsbudsjettet. Sjølv i dagens oljerike Norge har vi vanskar med å finne nok pengar til å halde vegane våre ved like, og vi skuldar framtidige generasjonar å finne løysingar som er minst muleg belastande på framtidas oljefondfrie statsbudsjett.

I økonomivurderingar er det òg ei gevinstside, og òg i denne samanhengen framstår Trollheimstunnelen som eit tapsprosjekt. Bortsett frå reisande frå Todalen til Sunndal og omvendt, vil alle få lengre reiselengder og høgare -kostnadar med Trollheimtunnelen enn med brualternativet. Men todalingane er elles dei som har mest å tene på ei bru. Norske fjordar blir gong etter gong kåra til verdas beste reisemål. Todalen er ei av ikkje alt for mange slike fjordperler, og vi har ikkje fleire potensielle turistfyrtårn enn at det må gå an å forvalte Todalsøra betre enn unødvendig gjere om dyrkamark til hovudveg og dalsida til steinfylling. Om knappe 40 år er jordas befolkning rundt 9 milliardar, og alle fjordturistane vil ikkje få plass i Geiranger...

Mange ønskjer fullt trykk på Trollheimstunnelen og ser seg nok lei på engasjementet eg og andre har om det motsette. Motivasjonen for ytringane mine er frykt for at vi, med kommuneleiinga og fylkespolitikarane våre si aktive hand på rattet, no styrer med «stø kurs» mot Trollheimstunnelen og ein uoppretteleg samferdselsbomtur som på lang sikt vil koste Surnadal, regionen og skattebetalarane dyrt. Håpet mitt er no at nokon ansvarlege i kommune, fylke eller vegvesen endeleg innser at ei ny vurdering er overmoden, og gjer det som skal til for at vi så snart som råd kan få skrinlagt Trollheimstunnelen og i staden få på plass grunnlaget for brualternativet. Mulegheitene er rett framom oss, og viss viljen til nytenking i tillegg kjem på plass vil mykje ligge til rette for å kunne realisere ei langt betre og meir framtidsretta samferdselsløysinga for heile regionen vår, enn den unødvendige og feilslåtte Trollheimstunnelen.

Trond Skogseth
PS! Som pendlar mellom Surnadal-Trondheim/Værnes blir eg ikkje lenger overraska over tunnelstengingar pga. vedlikehald e.l., seinast Hell-tunnelen denne veka. DER er det heldigvis omkøyringsmulegheiter…