Skjærpeplogen2

Filmpremiere i Storstuå i kveld, 22. oktober kl 19.00

"Ut på tur med Skjærpeplogen"

Bernt 1.jpg

Dette er eit bilete frå frå 1950-talet av Johan Nerbu og Ola Tiset som er i
Skålvikfjorden med bulldozer og skjærpeplog.

 

Kort omtale av historia

 

Filmen “Ut på tur med Skjærpeplogen” har eg hatt på beddingen i meir enn eitt år. Opptaka til dette prosjektet starta våren 2012, etter initiativ av Gudmund Fiske, og har fokus på den intense nydyrkinga som gikk føre seg i Surnadal, Rindal og Halsa på 1950 og 1960-talet. Den raude tråden i historia er festa til Skjærpeplogen, eit revolusjonerande reiskap som vart lansert på Jæren i 1951, og etter det vi veit vart det investert i 4 slike plogar her i distriktet; Rindal Bulldozerlag, Gustav Mikkelsen, Tor Betten og Per Reiten.

Dette var ein revolusjon i nydyrkinga, og det kan nemnast at berre frå Heggset, via Sylte og Bøvra vart dyrka ca. 700 dekar ny jord med skjerpeplog i løpet av den korte perioden det her er tale om.

 

Skjærpeplogen2.png
 

Her er det også rindalingar på rollelista i filmen

 

 

Kvardagskultur
 

Til denne filmpremierern har eg gått saman med Nils Røv, og vi inviterer til ein heilkveld med kvardagskultur i Storstuå på Skei - tirsdag den 22. oktober. Da blir det premiere på filmen om Skjærpeplogen og nydyrking, og Nils Røv vil kåsere nundt same tema, og vi har med oss kvar våre instrumenter; – munnspel og trekkspel, som vi truleg får høyra både enkeltvis og i duett. Repertoaret blir ganske lokalt, mellom anna med ein bruramarsj av Oddvar Solem, som levde sitt liv på eit bureisingsbruk i Settemsdalen. Nils Røv vil også ha sin lokale songdebut denne kvelden – saman med publikum.

 

Eistein Bæverfjord