003_1024x683

Utan rekruttering dør landbruket!

Møre og Romsdal bygdeungdomslag er ein av fleire aktørar som i desse dagar engasjerer seg til fordel for norsk landbruk. Utan rekruttering dør norsk landbruk, fryktar Yngve Røøyen og Solmund Solstad i Møre og Romsdal Bygdeungdomslag. Dei meiner vilkåra for landbruket må bli betre for at unge i dag skal tore å satse på ei framtid innanfor næringa. «Ungdommane må vita at investeringane dei gjer, er forsvarlege», seier dei.

Tevlingsleiar i Møre og Romsdal bygdeungdomslag, Solmund Solstad, og leiar i Møre og Romsdal Bygdeungdomslag, Yngve Røøyen, meiner rekrutteringa til lanbruket må sikrast. Viss ikkje vil landbruket dø, fryktar dei. Alle foto: Norunn Holten

Dei økonomiske framtidsutsiktene for bøndene var ein av hovudgrunnane til at landbruksorganisasjonane braut landbruksforhandlingane med staten. Landbruksorganisasjonane kravde ein inntektsauke på 50 000 kroner per årsverk, og fekk tilbod om berre 13 000 meir frå staten. Det at gapet mellom lønna til bonden og andre lønstakarar aukar, er svært uheldig, meiner dei to BU-representantane.

BU er likevel særskilt opptatt av kva konsekvensar eit så skrint oppgjør kan ha å seie for rekrutteringa til næringa. «Inntekta til bøndene må bli så bra at folk vel å ta over i staden for å velje å ikkje gjera det», seier Solmund Solstad. Han meiner at det å ta over eit gardsbruk i dag medfører så store investeringar at ein er nøydd til å vita at det sig inn nok pengar igjen. Og da er det ikkje nok med at ein har nok til å leva av. Det må også vera rom for investeringar skal ein kunne drive godt i lengda. Solmund trur det eigentleg er mange ungdommar som kan tenkje seg ei framtid innanfor landbruket, og at dei også er innstilt på å gjera den arbeidsinnsatsen som trengs, men at det er dei økonomiske framtidsutsiktene som får dei til å vegre seg. Dei to karane fryktar at dårlegare kår for landbruket vil medføre at folk vel å leggje ned garden når ein ny generasjon må inn. Ungdommane kan vera skeptiske til å ta over eit bruk til for eksempel 6-7 millionar fordi dei økonomiske framtidsutsiktene er for utrygge. Gardbrukaren tapar da på å selje garden fordi han ikkje får selt han for det han er verdt. I staden for å kjøpe seg eit nytt hus og gi nokon anna sjansen til å drive, blir resultatet i staden berre nedlegging.

«BU, vi er her for å skape aktivitet og røre på bygda. Og for å vera eit aktivt bygdesamfunn må vi ha eit berekraftig landbruk», meiner Yngve Røøyen. Han peikar på at bygda er oppbygd av landbruket ettersom det skaffar så mange arbeidsplassar også utanom sjølve garden, slik som meieri, landbruksverkstader og butikkar. Ei svekking av landbruket vil derfor få store ringverknader. «Utan eit aktivt landbruk er det ikkje attraktivt å bo på landsbygda. Vi vil satse på bygdelivet, og vi vil satse på jordbruket», seier karane.

Møre og Romsdal BU støttar også landbruket sitt mål om større grad av nasjonal sjølvforsyning. Med aukande folketal i verda, er det ikkje sikkert det vil bli så lett å skaffe matvarer frå utlandet i framtida. Mange land vil kunne trenge maten sjølve. Ein høgare grad av sjølvberging er derfor også eit argument for å satse meir på landbruket, meiner karane. Norsk landbruk er såpass tungdrive at det må vera eit visst antal bruk for å halde jorda i hevd. Karane meiner vi no har nådd smertegrensa i så måte. Ein løyser ikkje problema ved å byggje store fjøs. Jorda treng vedlikehald, og mange plassar veks det att. Produksjonen kan derimot aukast om ein tek i bruk utmarka og utnyttar innmarka betre.

BU driv med aktiv rekruttering til jordbruket gjennom eit prosjekt som heiter «Grøn utdanning». Her kan ungdom bli kjent med mulegheitene for å vera med å bidra i framtidas matproduksjon. No slår BU i tillegg eit slag for ei tryggare økonomisk framtid for matvareprodusentane.

Solmund Solstad driv med sau og oppdrett av kviger i naturskjønne omgjevnader  i øvre Surnadal. Han tok over heimgarden for eit års tid sidan, etter å ha forpakta ein annan gard i fem år. Den unge bonden er født i 1990, og har vunne mykje på kort tid.

På varme, solfylte maidagar er det flott å vera sauebonde.

Yngver Røøyen og Solmund Solstad er bekymra over kva inntekstutviklinga i landbruket kan ha å seie for rekrutteringa til næringa.