
Utdeling av heidersteikn
Surnadal kommune heidra fjorårets ny-pensjonerte og 25-årsjubilantar på eit arrangement på Vårsøg hotell torsdag 8.april.
Bilete av 25-årsjubilantane omkransa av ordførar og rådmann. Frå venstre rådmann Geir Vikan, Oddny Hoem, Leif Peder Fugelsøy, Ingebjørg Henden og ordførar Mons Otnes. (Foto: Gunhild Eidsli)

Bilete av pensjonistane. Fremst frå venstre Inger Øye, Torbjørg Svensli, Lise Brøske, Berit Anne Botten Røkkum, Berit Sollied. Bakerst frå venstre rådmann Geir Vikan, Anders Hyldbakk, Arne Johan Moen, Ann Rigmor Holten, Leif Peder Fugelsøy, Bodil Heggset, Brit Marie Hyldbakk og ordførar Mons Otnes. Kari Kallset var ikkje til stades og vil få Kallabilete og blomster seinare. (Foto: Gunhild Eidsli)

Ordførar ønskte alle velkommen før to elevar frå Kulturskulen på Indre Nordmøre bidrog med eit kunstnerisk innslag. Rådmannen delte ut blomster og las opp namna på kvar einskild før dei kom opp for å ta imot gullklokke og Kallabilete av ordføraren.

.png)

