
Utdeling av heidersteikn
Under eit felles arrangement på Vårsøg hotell mandag 22. april fekk tilsette i Surnadal kommune utdelt gullklokke og Kalla-bilder. I år skulle 8 arbeidstakarar bli heidra med gullklokke etter 25 år i kommunen og 19 tilsette skulle få Kallabilde etter å ha gått av med pensjon i 2012. Sjå fleire bilete i saka:
Det vart ein triveleg og minnerik kveld med god mat og fine kulturinnslag. Det var ordføraren som sto for sjølve tildelinga, medan rådmannen overrekte blomster for lang og tru teneste. Einingsleiarane sa nokre ord til dei enkelte jubilant frå si eining. Eva Myklebust takka på vegne av alle, for god mat og oppvarting. Det skriv Surnadal kommune på si heimeside. Bileta er lånt frå kommunens Facebookside.
Klikk bileta større