Oppdatering lørdag kveld!
Utrygg ved foten av ein vulkan
Ved vulkanen Mount Mayon på Filippinene, som no har utbrudd, bur Pål Shik Halgunset med familierøter på Rindalsskogen. Han er adoptivson til Reidar Halgunset som bor i Orkdal, men kjem frå Grøset på Rindalsskogen.
- Skulle gjerne ha vore i rolege Rindal no, seier Pål Shik Halgunset. Det er nokre år sidan eg var der ute i lag med Reidar sist. Pål har fleire søskenbarn i Rindal.
Kartet viser dei utvida sikkerhetsonene som gjeld no. Vulkanutbrotet er straks i overkant av bildet. Avstandar frå utbrotet er markert svakt med raudt.
Pål bur i Baragawhon Barangay ved 10 km-sonen. Det er frivillig å evakuere for alle som bur utanfor 9 km frå vulkanen, og dei ventar dette kan bli ein langvarig situasjon.
Dei kvite grensene er rodegrenser på norsk, grenser for Barangay, distrikt eller område. Tabaco City er ein by med 135 000 innbyggarar og den har 69 Barangay. Da skjønar vi at det er eit stort apparat i sving for å evakuere så mange!
Det er til no evakuert 60.000 av dei som bur i byen, så det er rundt 50 % igjen enda.
- Likevel går livet forbausande roleg her, seier Pål. - Det er nok varer i butikkane, og resturantar og kaféar er opne. Men det er bortimot portforbud etter kl. 22.00 om kvelden, og skal vi ut på dagtid må vi bere ansiktsmaske for å beskytte oss mot å puste inn askestøv.
- Alle innfartsvegane er stengte på grunn av lavastrøm, og flyplassen er stengt, så det er berre båt som går normalt i dag, seier han.
Det er sett tre månaders katastrofeperiode medan vulkanen forsatt er aktiv, så folk har ein viss tidsperiode å forhalde seg til. Tydeleg at dei ventar at dette kan bli langvarig.
- Eg skal heim til Orkdal i mai, for bror min har konfirmant da. Tenkjer å bli heime i Norge i tre månader, og eg håper alt er over til da.
- Her ser du meg og min sambo med Mount Mayon i bakgrunn - i rolegare tider, skriv Pål.
- På ein måte er det ganske surrealistisk å vere nær eit aktivt vulkanutbrudd i denne skalaen. Dette er jo noko ein vanlegvis ser berre på TV på trygg avstand. Det er vel kanskje derfor norske medier er så opptatt av å få bilde og video frå ein av sine eigne, seier Pål, for han har alt vore i fleire media med bilda sine frå Mount Mayon. Han er einaste nordmann i området no.
- Dette er ei "ein gong i livet"-oppleving, avsluttar han helsinga til lesarane av Trollheimsporten med.
Her er den første dagen av utbrotet, 13. januar
Det øvste bildet og desse to bilda er tatt i denne veka. - Du ser det er mektige krefter i sving her, kommenterer Pål Shik Halgunset.
Alle foto: Pål Shik Halgunset.
Oppdatering lørdag kveld:
Lørdag kveld meldte På Shik Halgunset at det hadde regna kollosalt heile dagen og at det var akutt fare for at muddslam skulle rase ned fra vulkanen.
Dei raude felta på kartet viser kvar muddslammen frå vulkanen kan påverke bebodde område.
Det har samla seg mykje lava langs fjellsidene, og med den voldsomme nedbøren som har komme, så vart alle som bur i desse områda varsla.
- Vi flytta oss nokre kilometer lenger bort frå vulkanen i dag, til mor til Nerry som bur i utkanten, ca 25 km frå Tabaco City, seier Pål Shik Halgunset.
Forsvaret er igang med å flytte 300 000 menneske, og det er ingen enkel oppgave. Store militærkolonner er på plass i Tabaco City. Snart er det tre folketomme byer rundt vulkanen Mount Mayon.
- Ikkje akkurat nokon trivelig situasjon, bekjenner Halgunset. - Hadde ikkje tenkt at eg skulle havne i ein slik situasjon da eg kom hit for to år sidan.
Han innrømmer at han må ta i bruk ein god porsjon trønderhumor, for det hjelper ingenting å grave seg ned i bekymringar.
- Eg er litt som Reidar at eg ser etter løysingar i staden for problem, legg han til.
Ambassaden ringer med jamne mellomrom for å sjekke situasjonen, norske media tek også kontakt for oppdateringar.