Åge, Gunnar og Trondheimsolistene foto Marthe Vannebo

Pressemelding frå Laget Vårsøg:

Utsett Åge og Trondheimsolistene-konsert

I samråd med Surnadal kommune, TrondheimSolistene og Åge Aleksandersen, må vi i laget Vårsøg dessverre meddele at vi må utsetje konserten med Åge og TrondheimSolistene i Stangvik kyrkje 20. mars, pga situasjonen med koronaviruset, skriv Laget Vårsøg i ei pressemelding tysdag kveld.

Heile pressemeldinga:

I samråd med Surnadal kommune, TrondheimSolistene og Åge Aleksandersen, må vi i laget Vårsøg dessverre meddele at vi må utsetje konserten med Åge og TrondheimSolistene i Stangvik kyrkje 20. mars, pga situasjonen med koronaviruset,

Vi er alle samde om å følgje dei nye råda frå Folkehelseinstituttet.

Åge, TrondheimSolistene og laget Vårsøg er samde om at konserten ikkje er avlyst, men at den vert utsett til situasjonen tilseier at det er greit å gjennomføre eit slikt arrangement, forhåpentligvis i haust.

Informasjon om kjøpte billettar kjem vi tilbake til, men vi jobbar no med at det vil bli mogleg å behalde billettane til konserten vert gjennomført, eller å få refundert pengane, på et nærmare gjeve tidspunkt. Dette vil det ta noko tid å organisere, så vi ber om litt tålmod når det gjeld refusjon no rett i etterkant av utsetjinga- Informasjon vil bli publisert når det er klart.

Kommentar frå Åge og TrondheimSolistene:

Åge, Gunnar og Trondheimsolistene stiller seg helt bak myndighetenes anbefalinger til arrangørene når det gjelder eventuelle avlysninger/utsettelser av konsertene på grunn av situasjonen med Coronaviruset.

Vi ser på konsertene som et samarbeid mellom artister og arrangører, og ønsker å gjøre vårt til at ingen blir skadelidende eller føler usikkerhet rundt våre konserter. Eventuelle konserter som ikke vil bli gjennomført i uke 12 utsettes til høsten og vi vil gå raskt i dialog med arrangørene for å finne datoer.

Ingressfoto: Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen og Trondheimsolistene på scena i Nidarosdomen under Olavsfestdagene i Trondheim. (Foto: Marthe Vannebo).