LVK logo

Uttale vedrørende forslaget frå kraftskatteutvalet
frå LVK sine medlemskommunar i Møre og Romsdal (inkl. Rindal)

LVK sine medlemskommunar i Møre og Romsdal (inkludert Rindal kommune), som var samla til fylkesmøte i Sunndal tysdag 3. desember 2019, vedtok høringsuttale til NOU 2019:16, vedr. skattlegging av vasskraftverk. Fråverande kommuner har i ettertid slutta seg til uttalen frå fylkesmøtet.

Kraftskatteutvalget foreslår endringer i gjeldande konsesjons- og skatteordninger på vannkraftsektoren som medfører eit skattebortfall fra vertskommunane og fylkeskommunane med ca 4,4 mrd. kroner, samtidig som utvalget foreslår ei innskjerping av grunnrenteskatten med auka inntekter til Staten med ca 4,4 mrd. kroner.

Fylkesmøtet er ueinig og dypt bekymra for forslaga totalt sett.

- Forslaget om å avvikle dei kommunale ordningane med konsesjonsavgifter og konsesjonskraft må avvisast. Disse ordningane er nedfelt i dei gitte konsesjonane som eit grunnvilkår og med same varigheit som konsesjonane. Ei avvikling vil vere eit brudd med samfunnskontrakten mellom storsamfunnet og dei lokalsamfunna som har avstått naturressursane sine.

- Forslaget om endra verdsettelsesprinsipp for eiendomsskatt er i strid med eiendomsskatteloven og må avvisast.

- Forslaget om auka grunnrenteskatt til Staten svarer ikkje på mandatet og må også avvisast. Fylkesmøtet støtter Energi Norge sine forslag om ny innretning på grunnrenteskatten.

- Fylkesmøtet kan ikkje sjå at utvalget har svart på mandatet og ser fram til snarlege avklaringar for vidare utbyggingar av fornybare energikilder.

- Fylkesmøtet gir si fulle støtte til ein god og grundig uttale vedteke i landsstyret i LVK.


Sunndal kommune 

Ståle Refstie 

ordførar  


Surnadal kommune 

Margrethe Svinvik

ordførar


Nesset kommune

Rolf Jonas Hurlen

ordførar


Norddal kommune 

Arne Sandnes 

ordførar 
 

Rauma kommune

Yvonne Wold 

ordførar
 

Ørsta kommune

Stein Aam

ordførar


Volda kommune

Sølvi Dimmen

ordførar
 

Rindal kommune 

Vibeke Langli

ordførar  
 

Repr. landsstyret LVK

Ola T. Heggem

styremedlem