Spennande merkingsprosjekt på Nordvik
Utviklar nett av turstiar
Ei turgruppe tilknytta grendelaget på Nordvik er i ferd med å merke og skilte ei lang rekkje stiar i grenda. Stiane er av ulik vanskegrad og lengd, slik at alle skal kunne finne ein tur som passar for seg- uansett form og tidlegare turerfaring. Merkingsarbeidet vil fortsette utover sommaren og vil resultere i eit nett av stiar som ikkje berre blir eit verdifullt tilskot til lokalsamfunnet på Nordvik, men som også tilreisande vil kunne ha stor glede av.
Turgruppa på Nordvik, her representert ved Sverre Kjølstad (t.v.), Jan Nordvik og Anna Ingeborg Nordvik, har fått dei første skilta ut i terrenget, og vil fortsette arbeidet utover sommaren. Alle foto: Surnadal kommune
Det er ei eiga turgruppe oppnemnt av Nordvik grendelag som har hatt det praktiske arbeidet med merking av dei mange stiane på Nordvik. Med i gruppa er Sverre Kjølstad, Jan Nordvik, Anna Ingeborg Nordvik og Råg Mikkelsen. Turgruppa har nettopp mottatt ein haug med skilt som skal hjelpe ivrige turgåarar på rett veg, og dei er derfor no i ferd med å merke og skilte ei rekkje stiar av ulik lengd og vanskegrad for både vandring, ski og sykling. Stien opp til Åsbøsnytå er allereie merka, og arbeidet med å merka stien opp til Nordviksulå og nokre kortare stiar i lia ovanfor Norvikgardane har også begynt. Målet er at det meste av skilta skal vera på plass til Vandrefestivalen startar først på august.
I tillegg til opplagte turmål som Snytå og Sulå, gir dei mange skogsvegane på Nordvik eit mylder av turmulegheiter. Ein kan få ein flott rundtur frå kva som helst utgangspunkt i bygda ved å følgje riksvegen og ta skogsvegen oppover lia der stien til Snytå er skilta. Så kan ein følgje lia til andre enden av grenda og gå ned igjen til riksvegen der, eller gå ned tidlegare ved å følgje ein av dei andre merka skogsvegane som fører ned att til bygda. Gammelvegen i retning Svinvika som går parallelt med noverande riksveg, er også merka. Frå Øygarden til Bleikhammaren (Svinvika) er det 1,3 km, og ein fin tur for nybegynnarar eller ein rask luftetur på kveldstid. Enno er denne vegen litt gjengrodd, får vi vita, men turgruppa planlegg å rydde stien i løpet av sommaren.
Vi har prøvegått turen til Åsbøsnyta og kan gå god for at det her ikkje vil bli problem å finne fram. Den flotte jarnporten i skogsvegen like før du kjem inn til Nordvik har tidlegare vore eit kjent landemerke for folk som vil til Snytå. I dag kan alle som køyrer forbi i tillegg sjå skiltet som viser vegen opp mot parkeringsplassen på Brannhaugen. Ved Brannhaugen viser nye skilt vegen vidare, avhengig av kva rute du vel. Vi har som sagt prøvegått stien opp til Snytå, og kan bekrefte at her vil sjølv ein skikkeleg amatør på turfronten finne fram. Dette er i tillegg eit svært vakkert turterreng, så det er med andre ord ingen grunn til å vente med å legge i veg. Undervegs til Snytå ser ein også fleire av dei andre turmulegheitene i området. Frå stien ser ein mellom anna vegen som går opp mot dammen der stien til Sulå startar.
Nb! Du kan finne nærare beskriving av turane til Snytå og Sulå på morotur.no!
Vegen mot Snytå og parkeringsplassen oppe i lia er merka nede ved riksvegen.
Ved Brannhaugen kan du parkere og velje veg vidare.
Flott utsikt mot Nordviksulå frå stien mot Åsbøsnytå.
Toppen av Snytå: ein fugl fresar i full fart forbi trimkassen.
Utsikt frå Snytå i retning Nesøya.