Lam 2 rm

Fylkesmannen i Møre og Romsdal melder:

Utvikling av husdyrproduksjon i Møre og Romsdal

Frå søknader om produksjonstilskot kan ein hente ut talgrunnlag for utvikling over tid og for korleis vår del av samla produksjon i landet har utvikla seg. Fylkesmannen har samanlikna sine nyaste tal frå 2019 med tal tilbake til 2006. Tala for Rindal er også med, sjølv om kommunen har bytta fylke.

(Arkivfoto)

Innleiingsvis er det viktig å nemne at sidan Rindal kommune gjekk ut av Møre og Romsdal frå og med 2019, er det nødvendig å korrigere for det i samanlikninga med åra før. Vi har derfor tatt med Rindal sine tal i våre fylkestal for 2019, sjølv om Rindal ikkje lenger er del av fylket.

Ikkje uventa har Møre og Romsdal sin del av samla mjølkeproduksjon (ku) halde seg nokså jamn. Den var på 9,7 % i 2006 og 9,6 % i 2019. Her er det mjølkekvoter som styrer produksjonen og kvart fylke er eigen kvoteregion. Talet på mjølkekyr har gått ned ca. 5 000 her i fylket i løpet av desse åra, frå ca. 25 000 til ca. 20 000 kyr. Talet på mjølkekyr har dermed gått ned med 20 %, men høgare avdrått gjer at nedgangen i produksjon av mjølk ikkje er like stor.

For geitmjølk er heile Sør-Norge kvoteregion. Talet på mjølkegeit har gått ned frå 5231 til 4424 i Møre og Romsdal. Det er ein nedgang på 15 %, som er litt mindre nedgang enn for landet med nedgang på 20 %. Vår del av landsproduksjonen har auka frå 12,3 % til 12,9 %.

Talet på ammekyr har for landet auka med over 40 000 frå 2006 til 2019, frå i underkant av 60 000 til nesten 100 000. Det er ein auke på 69 %. I Møre og Romsdal har talet på ammekyr auka frå 3 686 til 4 539, dvs. ein auke på 23 %. Vår del av ammekyrne i landet har gått ned frå 6,3 % til 4,6 %. Med eit par unntak (Hordaland og Vestfold) har alle andre fylke har hatt større prosentvis auke enn oss. Størst har auken vore i Rogaland og det som var Oppland fylke.

Møre og Romsdal har auka vår del av talet på sau. Sauetalet i fylket har stige frå 52 000 til 56 000, rett nok med ei endring i talgrunnlaget (metoden) frå 2017. Vår del har auka frå 5,9 % til 6,3 %. Sauetalet totalt i landet har i same periode både gått opp og så gått ned igjen ein del. Hos oss har det vore meir jamt.

Når det gjeld gris, så er vi eit veldig lite fylke med berre 1,7 % av landsproduksjonen (i tal purker). Den har gått ned frå 1,9 % i 2006. Purketalet har gått ned frå 1839 til 1294. Ein stor del av denne nedgangen har skjedd dei siste 3-4 åra.

Det aller meste (ca. 96 %) av jordbruksarealet i fylket blir brukt til grovfôrproduksjon, dvs. fôr til dyr. Dyrka jord i drift i fylket er frå 2006 til 2019 blitt redusert frå 592 822 daa til 538 906 daa (då er Rindal inkludert). Vår del av dyrka jord i landet er redusert frå 5,8 % til 5,5 %. Reduksjonen i perioden er på ca. 54 000 daa. Det betyr at 10 % av arealet enten er blitt omdisponert til andre føremål, at arealet er redusert på grunn av nye kart og målemetodar eller at areal rett og slett berre er tatt ut av drift. Vi ser at det er store forskjellar i fylket. I enkelte område er det få bruk i drift og gjerne uhensiktsmessig arrondering. Der er det mykje ledig areal. I andre område er det mange bruk i drift og stor etterspørsel etter jordbruksarealet.