Vålåskarstemnet 2009

Søndag arrangerte Meldal historielag det tradisjonelle Vålaskarstemnet med god oppslutning og program av høg kvalitet, sjølv om vermeldingane ikkje lova det beste for friluftsarrangement! Sør-Trøndelag har bildegalleri fra Vålåskarstemnet.

Øivind Farmen, kjent m.a. frå gruppa Flukt, stod for musikken og akkompagnementet. Han delte til og med sin eigen bryllaupsmarsj med oss!
May-Britt Wagnild stod for det vokale innslaget, velklingande messosopran med variert repertoar.
Ola Uvøyen framførte eigenskriven prolog, og Birger Foseide heldt stemnetalen der han tok for både seterlivet og kjærleiken til fjellet og naturen.
Odd Olav Mosbakk las dikt av Astrid Krogh Halse og Martin Hilstad. I pausen selde historielaget rømme og kavring til "historiske" prisar, fordi - som ledaren sa: "Plakaten var så fin!"
May-Britt Wagnild akkompagnert av Øivind Farmen avslutta stemnet med Vårsøg av Hyldbakk/Sommero med invitasjon til publikum om å synge med, trass i regnet som kom. Publikum tok oppfordringa og deltok, men regnet gav seg ikkje før dei var på veg heim.
Tekst/foto: OleT