041_715x477

Våren er her

Hyttfolket opplever våren både ved kysten og i innlandet no om dagen. I år er han komen nesten like langt på Fribu ved vestkanten av Holtin (Børset/Folden), som rundt Hatleliblokka i Molde. Til vanleg er han minst to veker tidlegare her i Romsdalsbyen.

 

Første økta med hagearbeid bør takast no, før ugraset (les gras på feil plass) utviklar rotsystemet og set seg fast i blomstersengene. Utruleg kva ein grastust kan finne på for å halde seg på plass blant planter med meir status hos hageentusiastane (sjå bilde).  

Først i april var det såtid for kål, erteblomster og ringblomster. No står plantene på balkongen om dagen og gler seg over utsikta mot Moldeholmane og Romsdalsfjella. Da nattetempen framleis går ned mot frysepunktet, må dei innomhus om natta.

Fotturar til Skihytta i Moldeheia (utsikt mot Vestnes og Tomrefjorden) er matnyttig treningsarbeid for å styrke kroppen til kampen mot uønska vekstar på hytteområdet i Rindal.

Ho som er oppvaksen i Bølludalen, studerer Tippeligatabellen og set si lit til Steffen som er komen heim til Lerkendal, medan husfaren minner henne om at Ole Gunnar har (hadde) for vane å avgjere mot slutten. Henrik feirar siste Rosenborgseier med eit perfekt rundkast heime i Folden.

Vårhelsing frå Gerd Ingrid og Per Arnt